Møbelhandverk i Sogn på 1800- og 1900-talet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fragment av dekor. Foto: Jan Magne Rinde.
Fragment frå akvarell G.Munthe.
Foto: Jan Magne Rinde.

Møbelhandverket i Sogn og andre stader i Noreg kan ha henta inspirasjon frå kunstretninga art nouveau, som nådde landet i overgangen mellom 18- og 1900-talet. Ein av drivarane for utviklinga nasjonalt var Gerhard Munthe.

Rosemåling og treskjering i møblar

Handverka treskjering og rosemåling har lang tradisjon i Noreg. Denne forma for dekor har til ulike tider hatt eit mangfaldig uttrykk. Hovudsakleg er det ei tredeling innan denne tradisjonen. For det fyrste er det profesjonelle kunstnarar som har det som yrke. For det andre handverkarar som arbeider med dekor for utsmykking. Og for det tredje kunstnarar og personar som gjennom eigenstudium og kursdeltaking har utvikla dugleiken, og som gjerne vekslar mellom kunstnarleg aktivitet og hovudyrke.

Utdanning på feltet

På fyrste halvdel av 1900-talet var det målretta planar for skuleverket om utdanning for å gje ungdommane ein grunnleggjande dugleik gjennom sløydskulane, som ofte var knytt til framhaldsskulen. Dessutan var det yrkesskular som hadde tilbod om treskjering og rosemaling for å halde denne tradisjonen i hevd.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design hadde sommaren 2018 ei utstilling av Gerhard Munthe. I denne utstillinga var det eit bilete, «Erindring frå Gulsvik 1890», som gav assosiasjonar til denne grunnleggjande utdanningskulturen, som kombinerte heimelaga møbler med avansert rosemaling eller treskurd, iallfall i ein del av bygde-Noreg. Denne sløydkulturen førte til framveksten av både framskap og kråskap.

Art nouveau

Kråskapa var i fyrste del av 1900-talet ofte brunbeisa, gjerne med treskjering som dekor, truleg for mest mogleg å etterlikna tilsvarande møberinventar i bykulturen. Desse kråskapa var svært vanleg å laga for dei som gjekk på sløydkurs, gjerne i to år. I byborgarskapet sin kultur var møblane ofte laga av treslag frå sydlegare breiddegrader. Men med satsinga på norsk handverk og handverksindustri, kom også inspirasjonen frå den norske kulturen som viktige bidrag i utviklinga av den norske art nouveau stilen.

Denne kunstretninga, som opphavleg kom frå Frankrike, hadde sitt inntog i Noreg ved overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Gerhard Munthe var sentral for utviklinga innan dekorasjons- og biletkunst, interiør og vev. Den dekorative kunsten la grunnlaget for kunsthandverket i Noreg. Kunsthandverket relatert både til trearbeid og tekstilarbeid hadde ein epokegjerande utvikling utover første halvdel av 1900-talet og la grunnlaget for å fremja kunstindustrien i Norge. Tidlegare hadde den første professor i kunsthistorie Lorentz Dietrichson (1834–1917) påpeika at konsumentane ofte føretrekte utanlands kunst og design. Men med betre material og lågare prisar kunne like gjerne den norske industrien innan dekorativ kunst vera konkurransedyktig.[1]

Eventuelle linjer mellom art nouveau og lokalt handverk?

Den norske utviklinga av art nouveau kan ha nokre karakteristiske trekk som har gitt inspirasjon til utdanningssystemet og dermed nedfelt seg i undervisninga. Danningsidealet hadde sitt opphav med etableringa av Den Kvinnelige Industriskole frå 1885, og etter kvart vart lærarskulane for estetiske fag etablert. Ved desse lærarskulane fekk handverks- og sløydlærarar si utdanning.[2] Utviklinga av estetiske fag har truleg danna grunnlaget for art nouveau-tradisjonen innan interiør og design. I tillegg til industriprodukta som kom i handelen, vart truleg møbeltradisjonen utover 1900-talet påverka gjennom sløydundervisninga. Lokal utvikling på dette feltet vart vidareført til by og bygd via handverks- og sløydlærarar. Framhaldsskulen alternerte ofte mellom bygdelaga i ein kommune, slik det var til dømes i Leikanger kommune. Men framhaldsskulen vart avvikla tidleg på 1960-talet, da ungdomsskulen vart innført.

Handverk i Sogn

Handverk var tradisjonelt kjønnsdelt. Kvinner fekk utdanning innan handverk som vev og biletvev, medan menn ofte fekk sløydundervisning eller gjekk i verkstad- og målarlære etter folkeskulen. I Sogn var det særleg to ungdomar som fatta interesse for utdanning innan sløyd og måling. Det var Ivar J. Rinde og Trygve Tveit. Begge gjekk på folkeskulen i Feios, men i kvar si grend. Rinde var ved Fedje folkeskule og Tveit ved Helleland folkeskule. Sløydskulen hadde lokale i Feios ungdomshus.

Ivar J. Rinde (1917–1964) var bygningssnikkar og arbeidde òg som møbelsnikkar. Han hadde to år på sløydskulen i Feios med Ingolf Stokkenes som lærar. Seinare gjekk han i lære hjå morfaren Sjur Feidje og onkelen Atle Rishovd i Leikanger.

Trygve Tveit (1920–1991) var utdanna målar og etablerte Vik Fargehandel i 1960. Han gjekk på Statens industriskule på Haus 1944–1946 og K. Nerheims handelskule i Bergen 1947–1948. Truleg har han også vore elev på sløydskulen i Feios. Han var lærar på Vik yrkesskule 1950–1951.

Møblar

Interiør og møblar fekk truleg ein oppsving etter Gerhard Munthe sitt engasjement for norsk design. Møbelinteriør gjennom tidene viser at det har vore knytt sosial klasse og tradisjonar til kven brukarane var. Bymiljøa hadde andre tradisjonar enn bygdekulturen. Men bygdekulturen har òg hatt kulturskilnader.

Framskap har lang tradisjon i norsk interiørdesign, særleg innan bondekulturen, og har truleg vore sentral i utviklinga av norsk interiørdesign, som hadde sin framvekst med art nouveau. Truleg var tradisjonen også viktig for sløydkursa som vart arrangert i dei fleste bygder.

Blåmala framskåp, kråskap og stol med rosemåla dekor

Det blåmåla skåpet nedanfor har underskåp med to dører, der dekoren har ornamentikk i rosemåling. Overskåpet har to dører oppdelt i ruter med farga glas, truleg ein konsekvens av den gjeldande stilretninga. Fronten er avslutta med liljeornamentikk  som er symmetrisk. Kanskje kan det vera ein tilpassing av den franske lilja eller «fleur de lis» midt på overskap. Dører og skuffer har enkle handtak i tynt smijern. Dørene på underskapet er dekorert med symmetrisk blomstermotiv. Difor kan dette vera eit døme på der symmetri og asymmetri utfyller motivet. Blomstermotivet er asymmetrisk i sin komposisjon, men i heilskapen finn ein symmetri.

Stolen har same blåfarge og stilart som framskåpet og kråskapet. Her er symmetri eit viktig element og eit døme på det som vert kalla "jordestol" fordi det er tre bein på stolen.

Brunbeisa framskap og kråskap med dekor i treskurd

Det brunbeisa framskapet nedanfor er for hjørne og går heilt ned til golvet. Dekoren på døra er arbeid av Ivar J. Rinde. Kråskap i same stilen er dekorert med ornamentikk etter rosemaling i art nouveau-tradisjonen. Men denne skap-tradisjonen finn ein også med treskurd og i brunbeisa farge.Kråskap eller hjørneskap.

Treskurd på sidefelt brunbeisa hjørneskap - vegg . Arbeid av Ivar J. Rinde. Denne typen eller tilsvarande skap var vanleg arbeidsoppgåve på sløydskulen på 1930-talet og utover.

Desse lokale kunsthandverka, eit framskap og kråskåp med rosemåling, har vore eit samarbeid mellom møbelsnikkar Ivar J. Rinde og rosemålar Trygve Tveit. Skapa og stolane er truleg noko eldre enn rosemålinga. Rosemålinga fann truleg stad på byrjinga av 1950-talet. Kan det vera at desse skåpa har inspirasjon frå art nouveau? Skapa bryt med den tradisjonelle framskap- og rosemålingstradisjonen. Framskapet har fått innsett skapdører med småruta farga glas, noko om ikkje er vanleg i den ordinære framskap-tradisjonen, der det som regel er eit ope felt i overskapet. Rett nok viser ein del dekor i art nouveau-retninga at stilen ofte har avrunda hjørne, men slik er ikkje forma her. Likevel har form og fargar på skapdekoren ein del likskap med biletet til Gerhard Munthe, «Erindring frå Gulsvik 1890», og anna dekorasjonskunst frå same tida.

Fotnotar

  1. Kokkin, 2018
  2. Kvellestad, R V.

Kjelder

  • Ellingsgard, Nils. (2001) Rosemåling i Valdres. Topografisk Forlag.
  • Egeland, Knut. (1993) Treskjæring. N. W. Damm & Søn A.S. Tekonologisk Forlag.
  • Fahr-Becker, Gabriele. (2007) Jugendstilen. Spektrum Forlag AS
  • Kokkin, Jan. (2018) Gerhard Munthe. En norsk designpioner. Arnoldsche Art Publishers.
  • Kvellestad, Randi Veiteberg. Flid, nytte og kvalitet. https://docplayer.me/15032690-Randi-veiteberg-kvellestad-flid-nytte-og-kvalitet-danningsideal-ved-den-kvinnelege-industriskole-fra-1875-til-1960.html
  • Lee, Rune. (2018) Feios ættesoge. Vik Lokalhistoriske Arkiv
  • Tveit, A.G og G.T. (2018) Intervju om Trygve Tveit.