Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 132: Linje 132:
Eininga frå kp 1, høgre flankesikring, kom ikkje i kamp, men heldt ei vaktline til morgonen 27.4. da dei vart avløyst. Heile kp 1 vart samla att på Innset om morgonen 27. april, kapt Hindsværk overtok som sjef og kp vart sett som reserve.
Eininga frå kp 1, høgre flankesikring, kom ikkje i kamp, men heldt ei vaktline til morgonen 27.4. da dei vart avløyst. Heile kp 1 vart samla att på Innset om morgonen 27. april, kapt Hindsværk overtok som sjef og kp vart sett som reserve.


====Kampane ved Nåverdalen - 27. april====
====Kampane ved Nåverdalen - 27.-28. april====
Gruppesjefen disponerte natt til 27. april kp 2 (Telle) med mitr. troppen (Sørli) til å halde hovudforsvarsstilliga i dalen like nordvest for Nåva. Andre einingar skulle sikre flankane, og kp 1 vart halde i reserve ved Innset. Ei gruppa på ca 14 mann frå ei anna avdeling supplerte einingane frå IR 11.
 
Det tyske angrepet på stillinga starta med mitraljøseeld mot stillingane kl 06.10. Om lag kl 09.00 prøvde dei eit frontalangrep med infanteri utan ski, men eld frå norsk side tvang dei attende. Utover dagen held striden fram i form av skotveksling utan at tyskarane forsøkte å gå fram.
 
Kl 15.00 starta tyskarane eit nytt angrep, no infanteri med støtte av [[stridsvogn|stridsvogner]]; dei hadde klart å krysse Orkla ved den sprengte brua lenger sør og tok dei norske stillane under eld med maskinkanoner. Dekt av denne elden prøvde tyskarane eit større angrep med infanteri.
 
Tidlegare var dei to bruene over Nåva blitt sprengt. Tyskarane forsøkte å reprarere dei, men vart pressa attende av elden frå norsk side. Fronten held heile dahen trass kraftig tysk beskytning utan at ein på norsk side hadde våpen som kunne nyttast mot pansra køyretøy.
 
Om kvelden natt til 28. vart ein tropp frå kp 1 sendt fram til forsterking av den venstre flanken til hovudstillinga.
 
Kl 02.00 starta så eit kraftigare tysk angrep, der dei nytta alt dei hadde av våpensystem: mitraljøser, bombekastarar, artilleri og 3-4 stridsvogner. Med førehandsbygde bruelement prøvde dei tyske stridsvognene å forsere Nåva over isen. Infateri kom seg over, men vart pressa attende av kraftig norsk eld frå mitraljøsene. Likevel klarte tyskarane å skyte seg inn med bombekastarar mot stillingane til mitr. troppen, der lagfører for det eine våpenet falt. Også bombefly angreip troppen om morgonen, slik at den måtte tekkast attende om lag kl 06.00. Men kampen hadde vore vellykka - tyskarane var pressa attende over Nåva. Sjefen for det fremste tyske kompaniet falt òg, saman med tre til og 19 til dels hardt såra.
 
Ved 12-tida sendte tyskarane fram eit par stridsvogner med infanteri, som vart pressa attende av sterk norsk eld. Tyske fly angrep dei norske stillingane med bomber og mitraljøser utover ettermiddagen. Nordmennene omgrupperte for å avløyse dei einingane som hadde vore under sterkast press.
 
Sjølv om stillinga altså heldt, var den tyske styrken ved Kvikne såpass sterk at det vart bestemt å trekke seg attende mot [[Oppdal]] natt til 29. april. Bn III vart da sendt til området [[Lønset]] - [[Gjøra]] og låg der til den vart demobilisert.


===Retrett og demobilisering 25. april - 2. mai===
===Retrett og demobilisering 25. april - 2. mai===
Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 190

redigeringer