Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 142: Linje 142:
Om formiddagen onsdag vart fjellsprenginga ved Elstadkleiva utført, etter at kp 1 og kp 4 var passert. Kp 1 vart så sendt vidare nordover, medan kp 3 og kp 4 skulle gå i stilling og dekke sprengingstaden. Alle andre avdelingar under kommando av major Torkildsen var på dette tidspunktet trekt attende, så bn I var åleine i kampområdet.

Saman med kp 3 vart dei tre mitraljøsetroppane i kp 4 gruppert nord for Elstadkleiva. Den eine mitraljøsetroppen gjekk i stilling oppe ved bygdevegen, ved den smale brua over Svartåa der dei bygde sperring. Ein tysk styrke som eigentleg skulle angripe kp 2 heldt fram langs bygdevegen, men vart stoppa i mange timar ved brua. Denne troppen kunne òg gje flankerande dekningseld til dei avdelingane som forsvarte riksvegen. Men da tyskarane klarte å passere Elstadkleiva vart òg denne troppen avskore og laut trekkje seg til fjells under kraftig tysk eld.
Saman med kp 3 vart dei tre mitraljøsetroppane i kp 4 gruppert nord for Elstadkleiva. Den eine mitraljøsetroppen gjekk i stilling oppe ved bygdevegen, ved den smale brua over Brandstadelva (feilplassert av Andreas Hauge som Svartåa)<ref>Facebook-innlegg Norsk militærehistorisk forening 9.8.2021: https://www.facebook.com/groups/243840341664</ref> der dei bygde sperring. Ein tysk styrke som eigentleg skulle angripe kp 2 heldt fram langs bygdevegen, men vart stoppa i mange timar ved brua. Denne troppen kunne òg gje flankerande dekningseld til dei avdelingane som forsvarte riksvegen. Men da tyskarane klarte å passere Elstadkleiva vart òg denne troppen avskore og laut trekkje seg til fjells under kraftig tysk eld.

Styrken ved riksvegen vart òg sterkt pressa, og begge dei to mitraljøsetroppane måtte trekke seg opp i fjellet der dei gjekk i oppløysing som stridande avdelingar. Kp 3 klarte å trekkje seg attende nede i dalen. Bataljonen mista altså kp 2 og kp 4 denne dagen (24. april), men berre ein fenrik vart lettare såra ved Elstadkleiva.

Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 190

redigeringer