Møre og Romsdal Kraftselskap: Forskjell mellom sideversjoner
m (Kallrustad flyttet siden A/S Møre og Romsdal Kraftselskap til Møre og Romsdal Kraftselskap) |
m (Teksterstatting – «Kategori:Næringsliv» til «») |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
{{DEFAULTSORT:Møre og Romsdal}} | {{DEFAULTSORT:Møre og Romsdal}} | ||
[[Kategori:Kraftverk]] | [[Kategori:Kraftverk]] | ||
[[Kategori:Rauma kommune]] | [[Kategori:Rauma kommune]] | ||
[[Kategori:Lesja kommune]] | [[Kategori:Lesja kommune]] |
Nåværende revisjon fra 31. mai 2023 kl. 12:37
A/S Møre og Romsdal Kraftselskap vart skipa 4. juni 1973 etter endeleg vedtak i fylkestinget for Møre og Romsdal i desember 1972. Saka hadde da vore utsett fire gonger. Aksjekapitalen vart delt mellom dei lokale kraftselskapa i fylket: Tafjord Kraftselskap med 16 %, L/L Tussa kraft med 12 %, A/S Istad Kraftselskap med 10 %, Nordmøre Interkommunale Kraftlag med 7 %, A/S Svorka Kraftselskap med 5 %, Rauma kommunale Kraftverk med 2 %, Sunndal Kraftforsyning med 2 % og fylkeskommunen med 46 %.
Formålet var å bygge ut vasskraft frå nedslagsområdet til dei to elvane Ulvåa og Rauma i Rauma kommune. I tillegg skulle elvene Grøna og Asbjørnsåa på sørsida av dalen på Lesjaskogen førast i tunnel til eit hovudmagasin i Hånådalsvatnet. Selskapet skulle førebu ein søknad om konsesjon for utbygging og stå for gjennomføringa.
Kjelder
- Hesseberg, Peter 1977: Rauma i fylkespolitikken, i Myklebust, Jon Olav (red.): Vett mot watt. Kampen om Raumavassdraget. Det Norske Samlaget side 22-34.
- Svarteberg, Oddmund (red) 1980: Rauma/Ulvåa på vektskåla. Kraftutbygging eller vern. Møre og Romsdal naturvern og Fellesutvalget for bevaring av Rauma/Ulvåa