MB «Frost»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. jun. 2010 kl. 11:17 av Siri J (samtale | bidrag) (snudd litt på layout)
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Frost» sitt merkebrev

MB «Frost» var ein klinkerbygd trebåt på 19 fot bygd i 1926. Motoren var American 4 h.k. bygd i 1924. Namnet, «Frost», kjem av at det ikkje var hus på båten i fyrste tid, så det kunne vel stundom vera kaldt.

Registrert i fiskeriregisteret for Volda: M-14-VA. I Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster frå 1932 er «Frost» fyrste gong nemnd. Det går fram av merkebrevet at båten skulle brukast til fjordfiske og transport. Eigaren var heimehøyrande i Høydalen.

Bygda var veglaus og der var eit behov for transport. Sjøvegen er det ca. 10 km. til kommunesenteret Volda. Utover i 1930-åra og etter krigen vart det fleire motorbåtar, behovet for anna enn eigen transport minka vekk. Båten vart seld i fyrste halvdel av 1960-åra og er ute av fiskeriregisteret i 1968.

Frost