MB «Litleveiren» M 20 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. mar. 2010 kl. 22:09 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: «Litleveiren» M 20 VA. Klinkerbygd gavlbåt, bygd til Årset notlag, på Bjørkedalen i 1937 av Jon J. Bjørkedal. Størrelse 29,0 / 9,6 / 4,4 engelske fot. Båten hadde krum stam…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Litleveiren» M 20 VA. Klinkerbygd gavlbåt, bygd til Årset notlag, på Bjørkedalen i 1937 av Jon J. Bjørkedal. Størrelse 29,0 / 9,6 / 4,4 engelske fot. Båten hadde krum stamn og «kjølskjerpe» (mellomstykke frå fremste ende av kjølen skråande opp i 2 fots lengde til bakkant av framstamnen). Dette gjorde båten god i fjøra og den vart lett å styre / snu i sjøen. Den hadde dekk framme med ei luke i som nedgang til lugaren som fyrste tida var brukt til lasterom. Då det vart kjøpt snurpe og det vart bruk for køyplass vart her lugar med lugarkappe og to køyar. No vart det behov for høgare rorhus og nytt rorhus vart bygt av Knut og Andreas Årsetøy på eige initiativ.
Bak var gangvegar på ca. 40 cm breidde på begge sider. Nota låg i notbinge som var litt høgare enn gangvegane. Det var brukt romluker over nota, desse kvilte på kanten av notbingen. Når nota var turr vart det brukt presenning over romlukene. Når nota var i bruk vart romlukene lagde på rorhustaket. I 1948 vart landnota forlengd med 20 famner, til 140 famner, og nedrend (gjort djupare) frå 9 til 11 famner. Då vart notbingen oppripa (gjort høgare) med ca. 30 cm. Båten hadde eit handdrive mekanisk spel med tannhjulsnedveksling, drive med to sveiver, framom rorhuset. Notlaget hadde to like, handdrivne spel, eitt her i «Lissjeveren» og eit i spelbåten / øyrebåten.
Motor: «Nygrei »18 HK 2-takt semidiesel-motor. Det var innsett «Longva-topp» på Volda Mek. Verkstad av «Bulder-Ola», Ola Årsetøy ca. 1946.
Registrert i Statens fiskeriregister inn 1938, ut 1973. Fyrst brukt til storenota / landnota. Etter snurpe var teken i bruk vart den brukt til slepar. Ein leigde eit Atlas ekkolodd med turt papir med Karl (Kalle) Årset i 1953 og 1954, det vart kjøpt og montert i «Joffre» M 13 VA då den kom i drift.
Båten vart brend på slippen sin etter at nothengjet var rive ned ved rydding av området på Laberget.

Kjelder og informantar