MB «Notøybuen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Dette bilde viser fremste spanta, me ser at dei to fremste er tydeleg kantra.

MB «Notøybuen» M-114- HØ, vart bygd ved L/L Vik Båtbyggeri i 1982 for Sæmund Helde, Nerlandsøy. Står i fiskeriregisteret med bygge år 1982. Båtens lengde 10,55 m, br 3,43 m. og djupne 1,68 m. Båten er bygd på laminerte spant og er tverrhekka, med heil bakk. På denne båten er også stemnet laminert. Hud av 1 ½” Bjørkedalsfure.

Båten var levert utan dekk og overbygg men med lagd bjelkevegarar. For å halde skroget stabilt for sleping til heimehamna vart det lagt nokre midlertidige bjelkar. Ved overtaking var båten lavare enn det kjøpar meinte ha avtala, det vart likevel kjøp og eigar la inn spantestubbar og forhøya båten med ein planke. På grunn av at båten hadde heil bakk kunne han forlenge hudplanken derfrå vidare bakover. Han la inn garnering av pløgd material. Eigar bygde sjølv dekk og dekkshus i aluminium, og han utførte også all innreiing sjølv. Båten har slingrekjøl og ein stålkjøl på ca 600 kg. Helde tok over båten i 1982 men ferdig i 1991, det kan ein forstå når den store eigeninnsatsen skulle gjerast i ledige bolkar.

Heldes erfaring frå sjøen

Sæmund Schjelderup Helde, f. 1937 har lang og allsidig erfaring frå mange ulike fiske og fangstfelt. I over 40 år har han hatt arbeidsplassen på eit eller anna fartøy, oftast som maskinist eller maskinsjef. Lengste fartstida i rederiet Remøy Havfiske og båtane «Knut Hansen», «Remøy», «Stormy», «Nordsjøbas» og «Remøytrål». Av dei ulike fiske han har vore på kan nemnast:

Størjefiske i Nordsjøen og i 9 år på kvalfangst (vågekval) med «Maiblomen», redar Klaus og Kornelius Sævik. Fangsfeltet var frå vest om Orknøyane og nord mot Island. Han fekk og med ein sesong med fiske etter tunfisk og sverdfisk utanfor Vest Afrika, base i Dakar. På Floridakysten var han i 2 sesongar på haifiske. Fleire sesongar med kveiteline i Dannmark eller Grønlandsstredet og 5 – 6 turar på håbrannfiske ved New Foundland med «Rembakk».

Om lag 15 år med rekefiske ved Vest og Aust Grønland og ved Jan Mayen. Så kan me føye til 5 år i rederiet Longvafisk på rekefiske med «John Longva». Med «Rembakk» har det vore drivgarnsfiske etter laks ved Vest og Aust Grønland og 2 sesongar med skjelfiske rundt Bjørøya. Det årvisse storsildfisket på norskekysten har Sæmund vore med på. Det var med drivgarn, not og notbåtar samt kraftblokk som dei også brukte på makrellfiske. I lag med skipper og redar Per J. Remøy laga dei i 1968 som dei første kjøleanlegg (RSV) på «Stormy» for sildefiske i Nordsjøen, pionerarbeid.

Fiskeri

Både fyrste og noverande eigar har brukt båten til torske og seide garn, juksa og makreldorg på Mørekysten. Begge eigarane komenterte dei gode sjøegenskapane til båten. Helde fortalde om ein tur 15 mil av Runde, full storm og med 90 garn og 4 tonn fisk på dekk. Som han sa, «det gjekk så det susa». Dette er ein sterk båt seier Madsen, han låg å drog garn i tett snøkave då han vart påkøyrd av ein aluminiusbåt. Han kom inn litt fram om rorhuset, skaden vart berre på aluminiusrekka og noke småtteri. Ikkje eit einaste spant var brote. Skaden var størst på aluminiumsbåten. Det er kjekt med gode tilbake meldingar. Det er denne båten eg skal ha så lenge eg har båt, seier Madsen.

Eigarar

  • Ved levering, Sæmund Helde, Nerlandsøy, som tinga båten.
  • Eigar frå 2005 er Robert Madsen, Nerlandsøy. Då fekk båten namnet «Marielle».

Motorar

Sæmund Helde, fyrst ein 114 hk Volvo år 65, etter ei tid Volvo TNB 100, 200hk. Den motoren sette eigar saman av to motorar som var skada. I 2011sette Robert Madsen inn Sabb Iveco, 220 hk. Den motoren står i båten no.

Bilder

Klikk på bildet og du får det i full størrelse, tekst og bildeinformasjon står under.

Kjelder