MB «Rolf» M 10 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. jun. 2010 kl. 09:38 av Siri J (samtale | bidrag) (→‎Kjelder og informantar:: Arnfinn/Oddvar - sjekk språklig endring?)
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Rolf»

MB «Rolf» var mellom 1951 eller 1952 til notdrifta var slutt i 1963 storebåten i Holsvik notlag. Om båten kanskje ikkje var spesielt fin eller velhalden var det ein staut båt, rekna som den største av notbåtane i dei tre store laga inst i Austefjorden. Den hadde ein frisk motor (sjølv om den var ein fante til «å rase av», på same måte som mange samtidige motorar) og gutungane som høyrde til i notlaget meinte naturlegvis at «Rolf» gjekk raskast ved kappkøyring mellom notbåtane. Kappkøyring var det når det var fisk det skulle setjast not på eit stykke unna, ein måtte kome fyrst og sleppe øyrebåten. Den som fyrst hadde notenden i sjøen hadde rett å setje nota.

Når silda eller brislingen kom inn og Austefjorden var full av konkurerande notlag var det spennande å vere gutunge og fylgje med. Kastinga gjekk ofte føre seg om kvelden og utover natta. Mødrene trudde ofte at dei hadde fått gutungane til sengs og at dei sov, men når ein av båtane i fjorden «stramma opp» (auka kraftig turtalet på motoren) stod gutane lys vakne ved glaset som vende mot fjorden og fylgde spent med. Dei lokale båtane kjende ein på lyden.

Kvar kom «Rolf» frå?

Gutane var kry av «Rolf» som ungar. Så blir gutane vaksne, mange skikkeleg vaksne og byrjar å prate om «gamle dagar» og oppveksten. Eit av spørsmåla: Kvar kom «Rolf» frå ? Svaret «Vi veit ikkje» førte fleire ut på leiting etter informasjon. Ein hugsa at den var registrert M 10 VA, men båten var ikkje i det trykte Statens fiskeriregister for Volda, og den handskrivne utgåva av same register er ikkje funnen enno.

Her er to vaksne karar, Rasmus Sandnes og Sigurd Løfoll, som kunne fortelje at dei var med som turistar og henta «Rolf» «synnja i Statten» (sør for Stadt). Etterkvart som ein fekk rekkje reisa med rutebåtar kom det fram at båten måtte vere henta i Askvoll sentrum, men båten høyrde til litt lenger sør. Mannen som leverte båten stod att og gret då dei la frå kaia og byrja på heimveg. Turistane hugsar óg at dei kjøpte seg kvar sitt dugelege krepsemåltid i Måløy. Måltidet og ein god del til kravde «Statten» att. Sjøsjuka slo til for fullt.

Søking i fiskeriregisteret på nett gav som resultat at motoren var rett registrert. Opplysingane om båten elles må vera feil, men det var den einaste mogelege i registeret. Etter ein del telefonar kom ein fram til to godt vaksne karar som hadde vore mannskap på båten i 1945 som kunne løyse gåta. Men fyrst måtte det avklarast kva båt det var: «Rolf»? Tja, kanskje, men namna «Uragavlen» og «Jorias» var kjende, Då ordna det seg på same måte som her i området: registreringsnamnet var det få som visste om, det er utnamnet eller kallenamnet ein kjenner.

Opplysingar frå Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932:

  • Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot.
  • Motor: Finnøy 34 HK. Frå handskriven protokoll i Askvoll oppgitt byggeår 1928. Den stod i båten heile brukstida. Fekk i Holsvik notlag si eigartid Longvatopp, levert frå Longva Mekaniske, Haugsbygda i Sande kommune, dei var spesialistar på toppar som fekk fart i desse «tunge malmklumpane» i botnen på båtane. Dette auka ytinga. Motoren vart henta i Holsvika 2006 av pensjonistar frå Vegsund Slipp med tanke på restaurering.
  • Eigar: SF 220 A, Gerhard O. Hofland, Folkestad ved Korssund, tidlegare Askvoll kommune. G. O. Hofland, G. O eller «Uren» i daglegtale, budde på bruket «Ura» i Folkestad, derfor vart «Rolf» som «gavlbåt» kalla «Uragavlen». Kvifor den óg hadde kallenamnet «Jorias» er uklart enno.

Bygging og ombygging

MB «Rolf» på slipp i Holmen

«Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931.

G. O. Hofland var ute etter ein «gavlbåt» til bruk for landnot og har truleg kjøpt båten under bygging og endra den eller fått den ombygd til sitt bruk før sjøsetjing. Hekken vart saga av eller ombygd, det vart sett inn spegel og båten fekk dekk framme, den var open bak rorhuset. I og med at den i utgangspunktet var ein større båt med grove spant og eikehud vart den som avsaga mindre gavlbåt tung og sterk i høve til størrelsen.

På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. På sida hadde dei handdriven rull (kalla «sute») for å ta inn snurpenot. I 1945 var rullen driven frå Finnøymotoren.

Bruk før «Rolf» kom til Holsvika

G. O. Hofland hadde, brukte og var sterk tilhengar av landnot. På «Rolf» var ei brukt snurpenot som vart omarbeidd til landnot. Denne hadde dei i båten bak rorhuset før det vart lagd i heilt dekk. Etter dekket var lagt hadde dei landnota i romet, då med ein ekstra rull i bakkant av romet for å heve nota opp før den gjekk ut over rullen på spegelen ved setjing.

G. O var tilhengar av landnot og skreiv i fylgje informantane mange innlegg i bladet «Fiskaren» mot ein like sterk tilengar av snurpenot.

«Rolf» vart mykje brukt til kyrkjebåt når den var heime kyrkjesundagane. Under krigen var den ofte i bruk då der var tilsett nazi-prest i heimesoknet. Kyrkjelyden gjekk med båt til grannesoknet i protest.

Oskar Lammetun og Alf M. Folkestad som begge var mannskap i 1945 fortel at då var det kome heilt dekk i båten. Dekket var lagt i av ein båtbyggjar i Leirvik i Sogn, Bendik Bråstad. Dekket på bakre halvdel var festa på skotet bak motorromet og 10–15 cm lågare enn dekket på fremste halvdel.

Brødrene Lie frå Fjell, sør for Bergen hadde snurpenot. Bas var Nils Mikkelsen Lie. Dei leigde «Rolf» med båtførar og noko mannskap i den sesongen dei brukte snurpenota. Denne nota var ei «endesnurpe», ein teknikk som kom til norskekysten frå Island i fylgje informantane i Askvoll og Fjaler. Når Lid-karane brukte båten med snurpenot var nota på romluka. Dei hadde då fire køyer i lasteromet bak motoren for å få plass til nok mannskap. I 1945 låg dei etter brisling og sild i Hardangerfjorden med Rolf Hofland som båtførar.

Radioen i «Rolf» i mai 1945

På nokre av fiskebåtane var det på slutten av krigen gitt løyve frå okkupasjonsmakta til å ha med radio på feltet av sikkerheitsgrunnar. Desse radioane vart henta og kvitterte ut når båtane starta på fisketurar og innleverte og kvitterte inn når turen var slutt.

Ragnar Ulstein, forfattar av bøkene «Englandsfarten» seier at han kjenner til dette frå intervju med fiskarar. Grunngjevinga var at det å høyre vêrmeldingar var viktig i næringsverksemda, difor lånte okkupasjonsmakta ut ein del radioar på slutten av krigen. Den som ville ha desse radioane måtte vere temmeleg pågåande for å få slikt løyve. På «Uragavlen» (altså «Rolf») hadde dei radio i lugaren framme 7. mai 1945 fortel Alf M. Folkestad. Folk såg at G. O heiste flagget og høyrde at frigjeringa var i full gang. Då rodde folk ombord i «Rolf» for å høyre radio. Alf veit ikkje kor mange som kom om bord, men då dei kom i båtane att var «Rolf» på grunn av folkelasta våt over planken under det kvite feltet med registreringsnummeret på framme.

Folket samla seg på land og danna tog, gjekk opp gjennom bygda og fekk flagg på vegen. Dei gjekk til skulen der læraren heldt tale for dagen medan kona til læraren sat i ein glaskarm og tørka tårer. Dette var vel ikkje ufarleg då der var ei tysk forlegning på Fure ikkje langt unna.

Overhaling i 1945 og dramatisk kryssing av Stadt

Hausten 1945 var Rolf Hofland og Oskar Lammetun på Finnøy i sju veker for full overhaling av motor og utstyr. Dei budde i båten som låg i bøye utfor verkstaden. Der var ikkje kai, så alt som skulle i land måtte i robåt. Dei kom heim att vesle julaftan.

Oskar fortel at dei hadde ein fæl tur nordover. Då dei gjekk frå Måløy var det i ferd med å bli uvêr. Dei møtte to større båtar på sørgåande før dei kom skikkeleg ut for Stadt. På begge båtane kom der folk ut på bruvingen og vinka at dei måtte snu, «men vi var unge og hadde ikkje vit nok og fortsette. Hadde me endå hatt vit til å svinge inn nord om Statten».

Dei gjekk inn Flåværleida og inn til Moltustranda. Overføringane for kopling og omstyring var utslite etter vanskar med deler under krigen og virka ikkje. Rolf Hofland hadde derfor ein teknikk der han berekna avstand til kai slik at han kunne kople propellen frå motoren med spett og legge mellom ein planke. Så måtte dei treffe og ta seg fast når båten kom til kai. På kaia stod der folk som lurte på kvar dei kom frå. Desse trudde ikkje på karane då dei fortalde at dei kom leida nordover; det kom ikkje levande folk frå Stadt i slikt vêr.

Det var Rolf Hofland som dreiv båten siste åra i Folkestad før han gjekk over til drosjedrift.

«Rolf», M 10 VA: Eigar: Holsvik notlag

«Holsvik-loddebåten» der notbas Lars Holsvik leitar etter ein passeleg "lopp" å kaste på

Båten vart truleg innskriven i det lokale handskrivne registeret for Volda (som ikkje er funne), for den har fått nytt nummer, M 10 VA. Det nummeret hadde «Gimbra» tidlegare, og den båten er forskriftsmessig utmeld då han vart seld frå Holsvik notlag til Dalsfjorden og fekk nytt nummer M 27 D (seinare M 128 VA då Dalsfjord kommune vart slegen saman med Volda kommune).

«Rolf» er ikkje flytta i Statens merkeregister ved eigarskifte, der blir den ståande som SF 220 A til den blir sletta rundt 1967. Mellom 1973–1975 vart «Rolf» brend på slipp i Holmen som brannøving for brannvernet på Fyrde. Det at båten har vore i fjorden i 20 år utan å få seg kjent utnamn er uvanleg.

Lars Holsvik og Harald Botn henta båten, Rasmus Sandnes og Sigurd Løfoll var med som turistar. Rasmus og Sigurd seier dei reiste til Askvoll med rutebåt og at eigaren kom og leverte båten der.

Holsvik notlag endra på båten før dei tok den i bruk: «Svineryggen» framme vart riven og stamnen skoren ned til passeleg høgde. Notrullen og «dokkene» bak vart demontert. Laget bygde ny opa rekke med om lag 15 cm brei overplank avrunda til dekk i begge endar og med eit rør mellom «planken» og dekk. Rorhuset vart kanskje gjort litt mindre. Etter det tidlegare mannskap seier var det ei romsleg bysse i bakkant av rorhuset og dette er borte. Lokalt her trur dei ikkje rorhuset er bygd om, byssa var truleg ikkje større enn det vesle romet som var i bakkant på rorhuset medan båten var i bruk her.

I Holsvik notlag vart «Rolf» brukt med endesnurpe med «Timann», M 46 VA, som slepar. Drifta var på Sunnmørsfjordane. Ein er kjend med at dei var på fiske og kasta sør om Søre-Vaulen ut for Fosnavåg, for Rivjehornet. Her tok nota botn og vart stygt sundriven med dyr reparasjon på notbøteri i Spjelkavika som resultat.

Tidlegare hadde dei hadde lege ti mann i fem små køyar i lugaren på «Timann». Senastrekk og grauttjukk luft var årsak til at få eller ingen fekk den søvnen dei trengde. I tillegg var der så lite fribord med snurpenota inne at få torde å late att augene av den grunn óg. Notlaget hadde no to gode båtar og god køyeplass.

Grunnstøyting

MB «Timann» a. «Timann» har fått slepar på «Rolf» og slepar pent unna så nota held forma medan ein "snurpar inn"

«Rolf» var rekna for å vere tung og sterkbygd. Dette fekk dei bevis for då notlaget var på tur heim til helga etter ei stri veke med mykje vaking. Rorgjengaren sovna, og med resten av mannskapet sovande i lugaren trefte båten slakt fjell på Berkneset med full fart, gjekk seg turr og la seg på sida på berget. Mannskapet vakna, sikkert ganske skjelvne av opplevinga og drog nota ned på berget. «Timann» prøvde fyrst å drage «Rolf» flot, men det lukkast ikkje. Så kontakta dei ein større båt som drog den av. Dei tok om bord nota og gjekk heim att. Båten fekk ikkje lekkasje. Historia vart knapt nok nemnd meir.

Slutten

Siste åra vart innteninga mindre, gardbrukarane tok seg anna tilleggsarbeid og det vart vanskeleg å stille nok mannskap. Gutane vart sende med som mannskap, dei skulle ha fedrane si oppgåve ombord. Sume greidde oppgåva, andre hadde knapt nok vore om bord før og det blir fortald om rar setjing av not. Drifta vart dermed vanskeleg og gjekk i stå her som i dei andre store notlaga i Austefjorden. Siste kastet var i 1963.

Notlaget averterte no eigedelane sine til sals. På «Rolf» kom eitt bod, men dette var så lavt at minst ein av eigarane meinte at då skulle heller båten få rotne på slipp. Dette vart og resultatet. Den vart til slutt brend på slipp med motoren i som ei brannøving for det lokale brannvarnet mellom 1973 og 1975. Som nemnt vart motoren henta i 2006 med tanke på restaurering.

Bilde som syner notsetting i Dalsfjorden

Dette er jakt. Notbasen i loddebåten går eit stykke framom notbåten og leitar etter ein passeleg slump/lopp med sild eller brisling å setje på. På notbåten er beskjeden "kvar til sitt" gitt, karane er på plassane sine og skal sjå til at setjinga glir lett når ordren "set" eller "la nota gå" blir gitt. Notbasen gir teikn (normalt er dette at basen retter ut begge hendene, men når der låg mange notlag å vakta både på fisken og kvarandre måtte spesielle teikn avtalast. Døme: Basen held ei fyrstikkeske i høgre handa, blir denne sleppt på sjøen er ordren gitt). Set. Ein høyrer nokre tunge slag frå semidiesel-motoren før turtalet på motoren og farta på båten aukar. "Løys øyrebåten", ein må ha litt fart for å få systemet til å virke. Båten er festa slik på notenden at den legg seg på tvert. Det blir ein rykk i notenden og nota glir ut (nota går). Det blir gått ut ein ring rundt loddebåten. Bereknar skipperen godt tek ein fast i øyrebåten når siste notende glir ut av dekk. Loddebåten set stamnen i sida på notbåten og held den unna nota medan sleparen, her «Timann» går inn og får slepar ombord og byrjar forsiktig å trekke notbåten unna nota. No legg ein snurpewiren i blokkene på på "snurpedaviten" og begge wirendane på "koppen" på det motordrivne spelet og derg snurpewire frå begge endar til alle snurperingane er på rekka. Så spolar ein snurpewiren inn på "snurpewirerullen" og låser ringane. No er det "botn i nota", den dannar ein pose. Ein legg opp "suta" (notrullen ein tek inn nota over) og byrjar å ta inn not. Fisken er berga, om ein ikkje har fått for stort kast, då kan nota sekke. Spennande, det er berre forbokstavane. Det var vanleg å slepe fangsten til land og setje den "i lås" i ei "stengjenot" eller ein "pose" i påvente av levering.

Kjelder og informantar:

  • Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
  • Notfiske i Austefjorden, eit hefte utgjeve av Austefjord Museum
  • Heimbygda i min barndom, av Jakob Gjersdal
  • Fiskeriregster for Askvoll, handskrive
  • Hofland, Nora, gift med Rolf Hofland, son til Gerhard O. Hofland
  • Ask, Sverre
  • Folkestad, Alf Martin
  • Folkestad, Svein Tore
  • Lammetun, Oskar
  • Botn, Rolf f. 1934
  • Høydalsvik, Ragnar E. f. 1948
  • Løfoll, Sigurd f. 1933
  • Sandnes, Rasmus f. 1930
  • Skare, Ivar f. 1939
  • Ulstein, Ragnar, forfattar av Englandsfarten I og II
  • Åslid, Einar f. 1943