MB «Rollo» M 41 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. feb. 2010 kl. 22:14 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: «Rollo» M 41 VA eller Vandring: . I Fiskeriregister ein båt på 24,0/5,5/2,4 fot med FM 6 HK motor. Registrert inn 1936, ut 1943. Fyrste motorbåt i Holsvik notlag, kjøpt for å sle…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Rollo» M 41 VA eller Vandring: . I Fiskeriregister ein båt på 24,0/5,5/2,4 fot med FM 6 HK motor. Registrert inn 1936, ut 1943. Fyrste motorbåt i Holsvik notlag, kjøpt for å slepe storenotabåten «Levan»/Gimbra. Hadde eit grønt overbygg framme.
Motoren er feil i Fiskeriregisteret: I fylgje notakarane ein «Trygg» (Gjøvik) bensinmotor, truleg ca. 5 HK. Kjøpt av ein «reisande». Det er etter handelen på denne båten at uttrykket «stiger i verdi» vart referert mellom notakarane. Dette sa selgjaren når han prøvde å starte motoren og denne «tok etter det» då han ved salg skulle syne korleis motoren fungerte. Lars Holsvik f. 1915 sa eingong at: «det stod 'Trygg' på motoren, men vi kalla han 'Utrygg' fordi det var så sjeldan han starta når vi ville det».
Båten enda sine dagar som ved under barkekaret når Holmenøtene skulle barkast. Motoren stod på ei hylle i Storenotanaustet til litt ut i krigen då folk kjøpte motorar og sette i båt for å få rasjoneringskort på drivstoff. Om motorane var brukbare var mindre viktig enn tilgang på drivstoff.

Kjelder og informantar: