MB «Snøgg» M 158 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. nov. 2013 kl. 23:09 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Tekst ombygging)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_c
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_a
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_b
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_d

«Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt saman med «Storenota» (landnot), seinare som øyrebåt på snurpenota ved fjordfiske, sterkbygd gavlbåt med rull og spel. Hang ved bruk i enden på snurpenota og vart sleppt med enden når nota skulle setjast. Circa 1965 seld og registrert MB «Snøgg» M 158 VA, Knut Årsetøy tilpassa båten til motor og sette inn FM 6 HK ? bensinmotor, circa 2005 seld og innsett Sabb 10 HK dieselmotor og er framleis i bruk.

Ombygging frå robåt til motorbåt

Denne båten som ny var bygd som robåt er eit godt døme på korleis det gjekk føre seg når eigar ville ha motor i båten sin nye eller her gamle båt. I Austefjorden (Volda) var det ein tidsbolk "Øya-Knut" som fekk mange av desse oppdraga. Her blir referert sitert litt om kva han sa når han dreiv tilpassing i gamle båtskrog.

Gamal gavlbåt i sånn 18 til 25 fots størrelse kom til Årsetøya som robåt. Det vil sei med kruma stamn i begge endar, bakstamn gjekk oftast litt opp på gavlen/spegelen bak og gav denne styrke på midten.

No skal der inn, framanfrå og bakover; motor med fundament, propellaksel, akselhylse, propell og ror. Oftast er det eit vripropellanlegg der det er vribar propell med drivaksel med omstyringshylse på utsida. Propellane til desse anlegga var om lag 0,5 m målt ytterkant propellvenger.




Kjelder og informantar