MB «Snøgg» M 158 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. nov. 2013 kl. 00:27 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Beskriv ombygging og montering motor/propellanlegg)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_c
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_a
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_b
Øyrebåt._Ombygging_til_motorbåt_d

«Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt saman med «Storenota» (landnot), seinare som øyrebåt på snurpenota ved fjordfiske, sterkbygd gavlbåt med rull og spel. Hang ved bruk i enden på snurpenota og vart sleppt med enden når nota skulle setjast. Circa 1965 seld og registrert MB «Snøgg» M 158 VA, Knut Årsetøy tilpassa båten til motor og sette inn FM 6 HK ? bensinmotor, circa 2005 seld og innsett Sabb 10 HK dieselmotor og er framleis i bruk.

Ombygging frå robåt til motorbåt

Denne båten som ny var bygd som robåt er eit godt døme på korleis det gjekk føre seg når eigar ville ha motor i sin nye eller her gamle båt. I Austefjorden (Volda) var det ein tidsbolk "Øya-Knut" som fekk mange av desse oppdraga. Her blir referert litt om kva han sa når han dreiv tilpassing i gamle båtskrog.

Gamal gavlbåt i sånn 18 til 25 fots størrelse kom til Årsetøya som robåt. Det vil sei med kruma stamn i begge endar, bakstamn gjekk oftast litt opp på gavlen/spegelen bak og gav denne styrke på midten.

No skal der inn, framanfrå og bakover; motor med fundament, propellaksel, akselhylse, propell og ror. Oftast er det eit vripropellanlegg der det er vribar propell med drivaksel med omstyringshylse på utsida. Propellane til desse anlegga var om lag 0,5 m målt ytterkant propellvenger.

For å bore inn hylsa og rorstamma (ein ville ikkje ha rorstamme bak gavlen då dette gav hengje og heft med nota) vart oftast kruminga på bakstamnen snudd og ein sette inn ein stilk slik som i orginalbygde motorbåtar. For styrken sin del måtte dette vere noko frå innvedlageret til denne kombinasjonen av båtebyggjar og smed gjerne kalla [Spanterøter og bjelkekne].

Han Knut sa at det vart stygt og sterkt og at han klamsa eller klomsa det til på ein måte. Nedre ende støtta seg på kjølen og øvre ende vart skøytt mot resten av bakstamnen. Om ikkje alt passa heilt mot hudborda vart det laga fyllstykke, lagt i drev eller gamle strie og godt med tjøre og klamsa i hop (sjå bilete d).

Kjølen i robåtane var ofte for veik og for lav til å få plass til propellen. Då vart altrernativt heile kjølen skifta eller slik bilete a og b syner her lagt under (haka fast) ei ny og kraftig "drog" som danna ny kjøl med nok lengde til å støtte nedre styrehengsle på roret på. Under den att lagt ei ny "drog", her ei skinne brukt på veganlegg med "vagg". Dette gav ei kraftig "drog" og god stabilitet i båten.

For styrken sin del ser vi her at stilken støttar seg ned på den nye kjølen. Alt etter kva behovet var, vart det kanskje lagt flatjern på begge sider med gjenomgåande skruar for auka styrke.

Motorfundamentet fekk no si utforming. Her vart og gjort empiriske (erfaringsmessige) vurderingar på korleis det skulle sjå ut. Nettopp gamal røynsle tilsa at på eldre båtar berekna til robåt var utsette for å "strekkje saumen". Det var oftast brukt færre og tynnare saum i robåtar enn i motorbåtar. Der til kjem at enkelsylindra motorar strekkjer saum meir effektivt enn fleirsylindra. Knut, og hans jamnaldra, sa også at då fyrste motorane kom "hivde dei nokre krokne kjeppar inn i båten til å setje motorane på. Motorane strekte saumen og båtane sokk".

Motoren blir sett på plass og grovjustert. Ein borar hol for propellhylsa, stikk inn propellanlegget og tilpassat delane ganske forsiktig til kvarandre medan ein finrettar motor og propellanlegg. Så lagar ein ei "forskaling" nesten for fremre ende på propellhylsa, varmar til flytande ei bøtte med bek, slår dette rundt propellhylsa bak forskalinga og let det kolne og stivne. Dette stabiliserar og tettar rundt dette "klamphoggeriet" bak i båten. Arbeidet gjort slik bak i båten vart ofte ikkje omtala i pene ordelag, men varer kanskje i 100 år.

Siste oppdrag var ror med pakkboks rundt rorstamme slik at ein kunne lage ei lav tilje i båten for god plass til nota. No saga ein av kjølen bak og sette båten til havs.

Propellkorga som syner her var meir vanleg på lettbåt/loddebåt til snurpenotlag enn på gavlbåt for landnot. Den er berekna til vern på propellen slik at ein kan gå framover over nota med tilkobla propell utan å få not i propellen.





Kjelder og informantar