MB «Speser»: Forskjell mellom sideversjoner

m
→‎Arbeidet: Korrigert kommunenavn
m (+onlyinclude)
m (→‎Arbeidet: Korrigert kommunenavn)
Linje 6: Linje 6:


==Arbeidet==
==Arbeidet==
Å rive hud og dekk på denne båten var ein tung jobb. På dei tre øverste hudgangane var det 5/8 toms spisboltar i svart stål, det var omlag to stykkjer mellom kvar rekkestøtte. Skanndeksboltane var også i svart stål, der er litt meir usikkerheit på dimensjonen på dei. Huda vart kappa mellom kvart spant, for å få kortare bitar å splitte. Eikematerialen var seig og floken, og rivinga måtte gjerast utan å skade dei spanta som skulle nyttast. Spanta var doblingspant i eik. Alle spant måtte lengast opp for tre plankar, då båten skulle forhøyast. Difor måtte huda rivast så langt ned at ein nådde spanteskøytane. I praksis vil det sei til under vannlinja, for når båten var ferdig skulle huda overvass vera lik på heile skroget. Spesifikasjonar på båten har ein ikkje, men den var relativt grunn i forhold til breidde. Dermed så vert også botnen nokså flat. Deksbjelkane kom rå rett frå sagbruket. Det var stokkskoren material av fure, dimensjon omlag 8 tomar. For å sage dei med dekkskrumd trengdest det 7-8 mann for å handtera dei på bandsaga. Huda var også nysaga, og rå, omlag 2 1/4 toms tjukk, og omlag same tjukte på garnering. Hudplank til båt er vanlegvis stokksaga, det for at ein del av hudplankane skal formast. Bakarste kjølplanken, og nokre omfar til treng oftast nokså stor breidde. I garneringa var det to eller tre livholtgangar. Over bjelkevegar var det revisè for å få ei større lege for bjelkane. Som vanleg var bjelkane felte ned med enkel svalehale. Kaisinga var bygd om bord når båten stod på slipp. Alle lugarar var på dekk, sameleis bysse og messe. Heilt bak var opa sidekledning over rekkehøgde, det for å fortøye. I overbygget var  det bak rorhuset, bestikklugar og skipperlugar. På babord side var davitar for livbåt. Båten hadde to klyss for to patentanker. Den gamle motoren vart teken ut og ein brukt Voldamotor på 130 hk vart sett inn. Riggen vart ikkje endra. Olav Moen sitt foto frå 1987 viser at båten også har fått ny rigg med hydraulisk gaiermotor. Riggen er flytta framover, og  lukekarmen er lenger. Dermed lang bom, og sjølvom det ikkje viser på bilde er der nok hydraulisk bomlyft. Fortøyningsromet akter som tidlegare hadde vore ope over rekkehøgd er attbygt. Det er gjort ved påskrua plater, men er ikkje teke med i innreidinga, så det er eit kaldtrom, brukt til lager. Når båten vart sjøsett frå Vik Båtbyggeri var lengda sagt å vere om lag 90 fot. Dei offisielle spesifikasjonar kjenner ein ikkje til. «Speser» forliste etter kollisjon utafor [[Løddingen]] den 13. januar 1994. Båten sitt kjenningssignal var: LLCA.
Å rive hud og dekk på denne båten var ein tung jobb. På dei tre øverste hudgangane var det 5/8 toms spisboltar i svart stål, det var omlag to stykkjer mellom kvar rekkestøtte. Skanndeksboltane var også i svart stål, der er litt meir usikkerheit på dimensjonen på dei. Huda vart kappa mellom kvart spant, for å få kortare bitar å splitte. Eikematerialen var seig og floken, og rivinga måtte gjerast utan å skade dei spanta som skulle nyttast. Spanta var doblingspant i eik. Alle spant måtte lengast opp for tre plankar, då båten skulle forhøyast. Difor måtte huda rivast så langt ned at ein nådde spanteskøytane. I praksis vil det sei til under vannlinja, for når båten var ferdig skulle huda overvass vera lik på heile skroget. Spesifikasjonar på båten har ein ikkje, men den var relativt grunn i forhold til breidde. Dermed så vert også botnen nokså flat. Deksbjelkane kom rå rett frå sagbruket. Det var stokkskoren material av fure, dimensjon omlag 8 tomar. For å sage dei med dekkskrumd trengdest det 7-8 mann for å handtera dei på bandsaga. Huda var også nysaga, og rå, omlag 2 1/4 toms tjukk, og omlag same tjukte på garnering. Hudplank til båt er vanlegvis stokksaga, det for at ein del av hudplankane skal formast. Bakarste kjølplanken, og nokre omfar til treng oftast nokså stor breidde. I garneringa var det to eller tre livholtgangar. Over bjelkevegar var det revisè for å få ei større lege for bjelkane. Som vanleg var bjelkane felte ned med enkel svalehale. Kaisinga var bygd om bord når båten stod på slipp. Alle lugarar var på dekk, sameleis bysse og messe. Heilt bak var opa sidekledning over rekkehøgde, det for å fortøye. I overbygget var  det bak rorhuset, bestikklugar og skipperlugar. På babord side var davitar for livbåt. Båten hadde to klyss for to patentanker. Den gamle motoren vart teken ut og ein brukt Voldamotor på 130 hk vart sett inn. Riggen vart ikkje endra. Olav Moen sitt foto frå 1987 viser at båten også har fått ny rigg med hydraulisk gaiermotor. Riggen er flytta framover, og  lukekarmen er lenger. Dermed lang bom, og sjølvom det ikkje viser på bilde er der nok hydraulisk bomlyft. Fortøyningsromet akter som tidlegare hadde vore ope over rekkehøgd er attbygt. Det er gjort ved påskrua plater, men er ikkje teke med i innreidinga, så det er eit kaldtrom, brukt til lager. Når båten vart sjøsett frå Vik Båtbyggeri var lengda sagt å vere om lag 90 fot. Dei offisielle spesifikasjonar kjenner ein ikkje til. «Speser» forliste etter kollisjon utafor [[Lødingen]] den 13. januar 1994. Båten sitt kjenningssignal var: LLCA.


==Eigarar==
==Eigarar==
Skribenter
53 302

redigeringer