MB «Vega»: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
[[kategori:Aure kommune]] | [[kategori:Aure kommune]] | ||
[[kategori:Tustna]] | [[kategori:Tustna]] | ||
[[kategori:Kristiansund kommune]] | |||
[[kategori:motorfartøy]] | [[kategori:motorfartøy]] | ||
[[kategori:passasjerfartøy]] | [[kategori:passasjerfartøy]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 26. jan. 2016 kl. 16:23
MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960.
Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt.
I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet. Ikkje lenge føre Albert Dahle kjøpte båten, hadde han vorte oppussa og fått innsett ny motor, og båten var stødig i drift og hadde sjeldan motorhavari. I Albert Dahle sitt eige gjekk MB «Vega» som passasjer- og godsbåt mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna etter faste ruter. I periodar var det ekstra mykje gods, inkludert når det skulle leverast kraftfôr, så det gjekk mange ekstraturar med gods. Da ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960, vart ruta nedlagt. Familien beheldt båten og bruka han til småturar fram til dei selte han kring 1967 eller 1968.
Kjelder
Heimelsfolk
- Edvard O. Dahle (1923–2010), son til Albert Dahle