MB «Vega»: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: <onlyinclude>'''MB «Vega»''' var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund...) |
m (normering) |
||
Linje 4: | Linje 4: | ||
[[image:1951 04 20 M-B Vega Albert Dahle (frakt).jpg|thumb|right|MB «Vega» leverte ofte varer til [[Soleimsund Handel|Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel]].]] | [[image:1951 04 20 M-B Vega Albert Dahle (frakt).jpg|thumb|right|MB «Vega» leverte ofte varer til [[Soleimsund Handel|Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel]].]] | ||
<onlyinclude>I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som | <onlyinclude>I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet. </onlyinclude> Ikkje lenge føre Albert Dahle kjøpte båten, hadde han vorte oppussa og fått innsett ny motor, og båten var stødig i drift og hadde sjeldan motorhavari. I Albert Dahle sitt eige gjekk MB «Vega» som passasjer- og godsbåt mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna etter faste ruter. I periodar var det ekstra mykje gods, inkludert når det skulle leverast [[kraftfôr]], så det gjekk mange ekstraturar med gods. Da [[ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg]] vart sett i drift i [[1960]], vart ruta nedlagt. Familien beheldt båten og bruka han til småturar fram til dei selte han kring 1967 eller 1968. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == |
Sideversjonen fra 12. feb. 2009 kl. 06:42
MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960.
Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt.
I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet. Ikkje lenge føre Albert Dahle kjøpte båten, hadde han vorte oppussa og fått innsett ny motor, og båten var stødig i drift og hadde sjeldan motorhavari. I Albert Dahle sitt eige gjekk MB «Vega» som passasjer- og godsbåt mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna etter faste ruter. I periodar var det ekstra mykje gods, inkludert når det skulle leverast kraftfôr, så det gjekk mange ekstraturar med gods. Da ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960, vart ruta nedlagt. Familien beheldt båten og bruka han til småturar fram til dei selte han kring 1967 eller 1968.
Kjelder
Heimelsfolk
- Edvard O. Dahle (f. 1923), son ått Albert Dahle