Magnus Olsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. des. 2009 kl. 22:24 av Olve Utne (samtale | bidrag) (litt oppstramming av utvalet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnus Olsen (18781963) var ein språkforskar og professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo (1908–48). Magnus Bernhard Olsen vart fødd i Arendal i 1878 som son av kjøpmann Ole Christian Olsen (1834–87) og Therese Evine Olsen (1843–1926). Han voks opp i Arendal og tok examen artium der i 1896, etterfølgt av studium ved Universitetet i Kristiania, der han tok cand.philol.-eksamen i 1903. I tillegg hadde han studieopphald i København og Leipzig. Magnus Olsen gifta seg i 1912 med Gjertrud Mathilde Kjær (f. 1890). Han døydde onsdag den 16. januar 1963 i Oslo.

Arbeida til Magnus Olsen omfatta sju hefte Edda- og skaldekvad med kommentarar så vel som fem band med tolkingar av runeinnskrifter. Han bidrog til fullføringa av Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne som redaktør/medredaktør av tre band. Teoriane hans av tilhøvet mellom stadnamn og religion og samfunnstilhøve i førkristen vart presentert i bøkene Hedenske kulturminder i norske stedsnavne (1915) og Ættegård og helligdom, norske stednavn sosialt og religionshistorisk belyst (1926). Hva våre stedsnavn lærer oss (1934) er ei konsentrert og lettlesen innføring i temaet. Han grunnla tidsskriftet Maal og Minne i 1909, der han var redaktør i 40 år. Ein av dei argaste kritikarane hans i seinare tid var Eivind Vågslid, som hevda at det var «natur og ikkje gudar» som lå til grunn for dei aller fleste stadnamna kring i landet.

Kjelder

Bibliografi

  • Hedenske kulturminder i norske stedsnavne (1915)
  • Ættegård og helligdom, norske stednavn sosialt og religionshistorisk belyst (1926)
  • Hva våre stedsnavn lærer oss (1934)