Magnus Olsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. okt. 2008 kl. 12:03 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: '''Magnus Olsen''' (1878-1963). Norsk språkforskar, professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo 1908-48. Arbeidene hans omfatta sju hefte Edda- og skaldekvad med kommentarer, og ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnus Olsen (1878-1963). Norsk språkforskar, professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo 1908-48. Arbeidene hans omfatta sju hefte Edda- og skaldekvad med kommentarer, og fem band med tolkingar av runeinnskrifter. Han bidrog til fullføringa av Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne som redaktør/medredaktør av tre band. Teoriane hans av tilhøvet mellom stadnamn og religion og samfunnstilhøve i førkristen vart presentert i bøkene Hedenske kulturminder i norske stedsnavne (1915) og Ættegård og helligdom, norske stednavn sosialt og religionshistorisk belyst (1926). Hva våre stedsnavn lærer oss (1934) er ein konsentrert og lettlese innføring i temaet. Han grunnla tidsskriftet Maal og Minne i 1909, der han var redaktør i 40 år. Ein av dei argaste kritikarane hans i seinare tid var Eivind Vågslid, som hevda at det var "natur og ikkje gudar" som lå til grunn for dei aller fleste stadnamna kring i landet.