Maria Aarhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. okt. 2023 kl. 10:41 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Aarhus
Foto: Norske skolefolk, 1952

Maria Aarhus, fødd 24. juni 1894 i Borge kommune i Lofoten, død 31. august 1988 i Meland, var lærar og husmor. Ho tok eksamen ved Tromsø lærarskule i 1916[1]. Ho underviste ei tid ved Vefsn folkehøgskule før ho flytta til Hordaland. Ho var lærar i Evanger i 1916-1917 og Meland kommune i 1939-1945. Maria Aarhus budde på Frekhaug med mannen Sjurd Aarhus og deira 8 born.

Maria Aarhus vart leiar for Meland fråhaldslag, var aktiv med i Sagstad indremisjon og Meland sokneråd.

Foreldra til Maria Aarhus var bonde Jens Karlsen Knutstad og Hilda Vold i Borge, Vestvågøy kommune.

Kjelder

Referansar

  1. Norske skolefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.