Martin Kathenes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. jan. 2012 kl. 12:05 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: thumb'''Martin Kathenes''' (1889-1957) var skipper på galeasen "Loyal", som då skuta gjekk ut or skipsregisteret på 1960-talet skal h...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjeskipet i tysnes kyrkje loyal.jpg

Martin Kathenes (1889-1957) var skipper på galeasen "Loyal", som då skuta gjekk ut or skipsregisteret på 1960-talet skal ha vore den største seilskuta her til lands utanom skuleskipa.

Martin Kathenes kom frå Tysnes i Sunnhordland. Han reiste tidleg til sjøs, og byrja karrieren som kokk i 1904 på ei skute som gjekk på Nordlandsfarten. Han reiste nordpå eit par år, inntil han mønstra på i utanriksfart. I 1909 drog han til Amerika saman med forloveden Anna Jørgensdtr. Røen (1888-1989). Her stelte ho huset for farbroren til Martin i Sør-Dakota, medan Martin arbeidde på ein farm i nærleiken. Vel heime att i 1912 gifta dei seg. I åra som følgde segla Martin på Nordlandsfart att. I 1918 kjøpte han jakta ”Brødrene”, som han eigde fram til 1934. I 1928 kjøpte han saman med tre andre galeasen ”Loyal”, som tidlegare hadde vore eigd av ein annan tysnesing.

"Loyal" var den aller siste nordlandsfararen som forsvann frå Tysnes, etter å ha gått i fraktefart på norskekysten, Sverige og Danmark heilt fram til 1966. Berre det gjer skuta til eit historisk minnesmerke i seg sjølv. Såleis høver det ekstra godt at det nettopp er "Loyal" som har fått æra av å vera Tysneskyrkja sitt kyrkjeskip. Det er Martin Kathenes sjølv som har laga den praktfulle skipsmodellen.