Matbua (Sykkylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 07:34 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Matbua''' var ein daglevarebutikk i Fauskebygda i Sykkylven. Butikken låg ved gamlevegen i Fauskebygda, og var ein såkalla sjølvhjelpsbutikk i matvarer. Firmaet vart skipa av Astri...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Matbua var ein daglevarebutikk i Fauskebygda i Sykkylven. Butikken låg ved gamlevegen i Fauskebygda, og var ein såkalla sjølvhjelpsbutikk i matvarer. Firmaet vart skipa av Astrid og Kjell Einar Smørdal i 1974, og flytte inn i nye lokale året etter. Butikkflata var 170 m2, og i tillegg kom fryseri og lager.

Lokala leigde firmaet første tida av Jens Ullavik, som då dreiv Fauske Landhandel, vegg i vegg.

Frå 1978 hadde Matbua samarbeid med to andre butikkar i Sykkylven, og kunne dermed stå sterkare i den harde konkurransen i næringa. Dei tre forretningane sende ut kundebrev kvar veke, og hadde dessutan felles lysingar i lokalpressa. Astrid og Kjell Einar Smørdal la ned butikkdrifta etter nokre år, og overlet handelen til Kåre Atle Vangen.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.