Matbua (Sykkylven)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Matbua var ein daglevarebutikk i Fauskebygda i Sykkylven. Butikken låg ved gamlevegen i Fauskebygda, og var ein såkalla sjølvhjelpsbutikk i matvarer. Firmaet vart skipa av Astrid og Kjell Einar Smørdal i 1974, og flytte inn i nye lokale året etter. Butikkflata var 170 m2, og i tillegg kom fryseri og lager.
Lokala leigde firmaet første tida av Jens Ullavik, som då dreiv Fauske Landhandel, vegg i vegg.
Frå 1978 hadde Matbua samarbeid med to andre butikkar i Sykkylven, og kunne dermed stå sterkare i den harde konkurransen i næringa. Dei tre forretningane sende ut kundebrev kvar veke, og hadde dessutan felles lysingar i lokalpressa. Astrid og Kjell Einar Smørdal la ned butikkdrifta etter nokre år, og overlet handelen til Kåre Atle Vangen.
Kjelde
- Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.