Mathias H. Østrem: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 11: Linje 11:
Her var ikkje Emblemsbygda noko unntak, men Arne kunne fortelle om dei nyaste løysingane som fleire år seinare også skulle settast inn på Spilkevig Snøre & Not fabrikk. Ein trong ikkje lenger å ha fossefall for å elektrifisere. Dette visste ein frå tidligare drift av truskeverk med reimdrift og fossekallar i småelvane i bygda som drivkaft. Problemet var berre at det var eit stykke mellom elva og gardshusa i Mattisgarden. Mathias lot seg likevel overtale til å ta fatt på eit risikabelt prosjekt der ein grov ut oppsamlingsdam ovanfor tunet og  fekk bygd eit 200 meter langt trerør i eik for vatnet på bødkervis. maskinene vart kjøpt frå England på tilbaketuren frå ei av handelsferdene dit og det heile var truleg prosjektert av Barmann.

Resultatet vart det første gardselektrisitetsverket i Borgund i 1913
Resultatet vart det første gardselektrisitetsverket i Borgund i 1913. Det kunne forsyne alle romma i huset og løa. Gje straum til varmelampar til ungdyra i fjøsen og ei rekke andre husholdningsprodukt som gjorde kvardagen enklare - det meste var slikt som dei andre husmødre i bygda berre kunne drøyme om. Det var nok ikkje heilt fritt for anna enn at det var dei som var litt misunnelege på Mathias og ikkje minst Pernille. Vittig tunger skulle ha det til at gardskjerringa i Mattisgarden ikkje trong stå opp i det heile tatt for å lage til frokosten. Det var no ikkje så veldig langt frå sanninga når ein tenkjer på kor mykje meir tungvindt husarbeidet var før elektrisiteten. Berre noko så daglegdags som å stryke ei kvitskjorte når strykejernet anten måtte fyllast med glør eller varmast på ein dels sotete vedomn. Slikt trong ikkje Pernille bekymre seg over. Folk kom gjerne på besøk for å sjå på dei nymotens oppfinningane, men der var også dei som ikkje ville ha slikt i eige hus, sjølv når dette vart meir vanleg omlag ti år seinare.
 
Bygdehistorikaren Karl O. Emblem var 6 år gamal då kraftverket med eiga gatelykt i tunet stod ferdig. Han skreiv seinare om eit barndomsminne då han var med far sin å køyre tømmer over Melsvatnet på vinterføre. På heimvegen byrja det å mørkne då dei nærma seg "Austremsbruna" ved Grønevollen. Dei tok seg ein pust i bakken medan dei såg ut over den gradvis mørkare og snødekte bygda fri for forstyrrande motorlydar. Men ein stad lyste det framleis tindrande klårt, og det var i Mattisgarden. Då kom han i hug den kjende julesongen "Det lyser i stille grender". Ingen ord kunne vel passe betre der og då.
 
Det var svigersonen Ragnvald Herman Røli Rasmussen Garshol (1895-1975) frå Sør Vågsøy som etter kvart tok over den daglege drifta av kraftverket. Han
hadde bakgrunn som fyrbøter og flytte til Østrem kring 1928. Han fekk etter kvart også  arbeid som maskinist på den private ferga "Raana" som doktor [[https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bastian_Weiberg-Aurdal|Bastian Weiberg-Aurdal]] hadde kontrahert i 1931 og sett i drift mellom Magerholm og Ørsneset for å kome seg heim att til gardsbruket frå arbeidet sitt i Ålesund. Å drifte kraftverk var ikkje berre enkelt, den gong som no. Hovudproblemet var at ål frå elva klarte å koma seg gjennom ristene i enden av trerøret og enda inne i turbinen. Då måtte alt plukkast frå kvarandre og reinsast for restar av ål, før slusene kunne åpnast og vatnet på ny kunne fløyme.
 
Sonen til Mathias heitte Fredrik Hilmar Peder Østrem (1891-1962). Han emigrerte til Amerika, men tok også over farsbruket og reiste ein del til å frå. Han var kanskje like interessert i nyvinningar som far sin. På heimveg tok han rett som det var med seg noko over Atlanterhavet. Hovudhuset i Mattisgarden vart soleis utstyrt med  mellom anna eit General Electric kjøleskap og i tunet stod der også ein bil frå USA. Når naboane kom på julebesøk fekk dei mellom anna nyte synet av full indianarpryd, sjold og spyd på stoveveggen.

Linje 17: Linje 24:

Braaten, Ivar G.: "Næsten som dagslys, Elekrisitetsforsyninga i Ålesund og Sula gjennom 100 år". Ålesund og Sula Elverk 1995.
Braaten, Ivar G.: "Næsten som dagslys, Elekrisitetsforsyninga i Ålesund og Sula gjennom 100 år". Ålesund og Sula Elverk 1995.
Maaseide, Knut: "Bankskøyta - et nesten glemt pionerfartøy i norsk havfiske" publisert i Årbok for Sunnmøre 2013, Ålesund Historielag

Maaseide, Knut: "Bankskøyta - et nesten glemt pionerfartøy i norsk havfiske" publisert i Årbok for Sunnmøre 2013, Ålesund Historielag
https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bastian_Weiberg-Aurdal
 
http://www.emblemsbygda.com/34569320?i=42162875
 
http://www.emblemsbygda.com/309020348
 
http://www.emblemsbygda.com/52378468
 
http://www.emblemsbygda.com/52378463