Mathias H. Østrem

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mattisbuda frå Østremsjøen på Fyllingen slipp før 1970. Det lågaste påbygget mot venstre er ikkje del av den originale mattisbuda
Foto: Ukjend

Mathias H. Østrem (1852-1936) frå Emblemsbygda kan med fordel kallast ei "personifisering av hamskifteprosessane" på bygdene kring slutten av 1800-talet. Få i Borgund kommune var vel like framsynt som han i samtida. Mathias, eller «Mattis» på folkemunne, vart eigentleg døypt (Niels) Matias Ole Andreas Halvorsen Østrem¹. Han vart fødd på tampen av året den 29. desember i 1852 og forlet denne verda først i 1936, 84 år gamal.

Mathias kunne fortsett i foreldra sine fotspor og drive garden på tradisjonelt vis, men det gjorde han ikkje. Det kan verke som om han hadde ei særeigen interesse for den nye tid som skulle kome og han hadde også økonomiske ressursar til å prøve ut dei nye idéane han fekk høyre om. Det vert fortalt at hen var den første i bygda som dyrka opp markane på garden slik at ein kunne nytte hestedriven reiskap, som slåmaskin, møkrakjerre, høyvendar og kunstgjødselspreiar. Kan kunne for så vidt ha stoppa der, for nydyrkninga må ha vore eit enormt prosjekt i seg sjølv. Det var ikkje så reint lite stein som måtte flyttast med handemakt og markar som skule drenerast og planerast, men resultatet vart ei meir effektiv driftsform og dermed også tid til overs til andre prosjekt. Med den nye kunstgjødselspreiaren vart han også ein tidleg kunde for Norsk Hydro.

Religiøse møter i løa

Han gifte seg 17. juni i 1883 med Pernille Pedersdotter Viddal(6) (1861-1947). Saman fekk dei borna Hans Laurits (1885-1885), Mathias Laurits (1887-1887), Inga Olivia Mathæa (f.1889), Fredrik Hilmar Peder (1891-1962) og Ingeborg Hanna Sofie (1896-1981). Kor religiøse Mathias og Pernille var, er eg usikker på. Der er ikkje funne så mange spor etter dei i retning av haugiansk grunderand, men det er ei opplysning som kan peike i den retninga. Kring 1890 hadde Dei bygd den gjevaste og største løa i Emblemsbygda. Nokre få år seinare gjekk det ei vekkelsesbylgje over Sunnmøre - Emblem inkludert. Til slutt vart flokken av nyfrelste i lekmannsrørsla på Emblem så stor at der ikkje fanst husrom til alle på møta og Bedehus fanst der ikkje før 1903. Løysinga vart då å nytte Mattisløa på sommarstid når høystålet enno var tomt. Presteskapet likte slik forkynning heller dårleg, så eg vil tru at folket i Mattisgarden var med i flokken av nyfrelste. brukaren på nabogarden, Lars Olsen Austrem enda jamvel som lekpredikant. Dei var på denne tida mest opptatt av kinamisjonen, eller "gamlemisjonen" som den óg vart kalla. Dette kan bidra til å forklare Mathias hug til å starte verksemder, men det forklarer ikkje kvifor han valde å bruke ein god del av pengane på eigen familie. I haugianarrørsla skulle ein derimot leve sparsommeleg og sette pengane attende i eiga bedrift. Kanskje endre dei syn gradvis etter århundreskiftet?

Båtreiar og fiskeeksportør

I Mathias si tid var det vanleg å tørke fisken på berga nede ved sjøen for sal. Dette var måten ein kunne få tak på kontantar. Tørka fisk kunne også fraktast dit dei beste prisane var å finne. Han kunne nok ha stogga med det og truleg seld tørrfisken med brukbar forteneste, men det gjorde han ikkje. Matias kjøpte seg derimot ei lita trekanttomt oppå eit svaberg nede ved Østremsjøen. Her mura han opp ein mur mot sjøen for å planere på toppen og sette opp eiga sjøbu. På mange måtar så likna det på eit forvakse naust med hesteveg fram til bua, dører for innlasting av varer på baksida og doble dører i framkant for opplasting av skøytegaleasen "Avance" som han vart medeigar i frå 1892. Båten vart bygd på Liaaen verft i Ålesund 1884 og nytta både som bankskøyte for å få meir fangst og som transport av tørrfisken til Spania. Så attåt gardsdrifta og nyryddinga vart han reiar og fiskeoppkjøpar, slaktar og fiskeeksportør også. Men historia enda heller ikkje der.

Restar av kraftverket til Mathias på Østrem i Ålesund Kommune
Foto: Svein Ove Dale Østrem

Det første kraftverket i Borgund kommune

I 1886 hadde søstera til Mathias, Olivie Marie Johanne Halvorsdotter Østrem(1) (1869-1918), gifta seg på Blindheim med Lars Petter Rasmussen Blindheim(2). Dottera deira, Ingeborg gifta seg so med elektroingeniøren Arne Barman (1872-1947) frå Haram. Med han fekk Mathias førstehandkunnskap om utnytting av vasskraft, noko som var høgaste mote kring den 1. verdskrigen. På den tida reiste folk land og strand rundt i Norge for å kjøpe opp fallrettar frå bøndene. Her var ikkje Emblemsbygda noko unntak, men Arne kunne fortelle om dei nyaste løysingane som fleire år seinare også skulle settast inn på Spilkevig Snøre & Not fabrikk. Ein trong ikkje lenger å ha fossefall for å elektrifisere. Dette visste ein frå tidligare drift av truskeverk med reimdrift og fossekallar i småelvane i bygda som drivkaft. Problemet var berre at det var eit stykke mellom elva og gardshusa i Mattisgarden. Mathias lot seg likevel overtale til å ta fatt på eit risikabelt prosjekt der ein grov ut oppsamlingsdam ovanfor tunet og fekk bygd eit 200 meter langt trerør i eik for vatnet på bødkervis. maskinene vart kjøpt frå England på tilbaketuren frå ei av handelsferdene dit og det heile var truleg prosjektert av Barmann. Han starta etterkvart også opp med import av elektriske produkt til eige utsal i Ålesund.

Turbinen vart kjøpt i England. Mathias reiste dit med eigen båt for å kjøpe maskineriet
Foto: Svein Ove Dale Østrem

Nye elektriske hushaldningsprodukt

Resultatet vart det første gardselektrisitetsverket i Borgund i 1913. Det kunne forsyne alle romma i huset og løa med lys. Gje straum til varmelampar til ungdyra i fjøsen og ei rekke andre husholdningsprodukt som gjorde kvardagen enklare - det meste var slikt som dei andre husmødre i bygda berre kunne drøyme om. Det var nok ikkje heilt fritt for anna enn at det var dei som var litt misunnelege på Mathias og ikkje minst Pernille. Vittig tunger skulle ha det til at gardskjerringa i Mattisgarden ikkje trong stå opp i det heile tatt for å lage til frokosten. Det var no ikkje så veldig langt frå sanninga når ein tenkjer på kor mykje meir tungvint husarbeidet var før elektrisiteten. Berre noko så daglegdags som å stryke ei kvitskjorte når strykejernet anten måtte fyllast med glør eller varmast på ein dels sotete vedomn. Slikt trong ikkje Pernille bekymre seg over. Folk kom gjerne på besøk for å sjå på dei nymotens oppfinningane, men der var også dei som ikkje ville ha slikt i eige hus, sjølv når dette vart meir vanleg omlag ti år seinare. I huset hadde dei mellom anna vaffeljern og eit tidleg General Electric kjøleskap, importert frå Amerika. Truleg kom det til gards når sonen Fredrik Hilmar Peder Østrem (1891-1962 var heime i gamlelandet på besøk. På samme måte fekk ein også amerikansk bil i gardstunet etterkvart, men den var det Fredrik som åtte. Han tok over garden etter far sin, men flytte ikkje heim att av den grunn. Ingeniør Arne Barman tok etter kvart til å importere elektriske varer til eigen butikk i Ålesund. Elektriske varmeomnar vart soleis populære hjå byfolket. Når naboane kom på julebesøk fekk dei også nyte synet av andre kuriositetar som ein full indianarpryd med skjold og spyd på stoveveggen.

Bygdehistorikaren Karl O. Emblem var 6 år gamal då kraftverket med eiga gatelykt i tunet stod ferdig. Han skreiv seinare om eit barndomsminne då han var med far sin å køyre tømmer over Melsvatnet på vinterføre. På heimvegen byrja det å mørkne då dei nærma seg "Austremsbruna" ved Grønevollen. Dei tok seg ein pust i bakken medan dei såg ut over den gradvis mørkare og snødekte bygda fri for forstyrrande motorlydar. Men ein stad lyste det framleis tindrande klårt, og det var i Mattisgarden. Då kom han i hug den kjende julesongen "Det lyser i stille grender". Ingen ord kunne vel passe betre der og då.

Garshol-slekta

Det var svigersonen Ragnvald Herman Røli Rasmussen Garshol (1895-1975) frå Sør Vågsøy som etter kvart tok over den daglege drifta av kraftverket. Han hadde bakgrunn som fyrbøter og flytte til Østrem kring 1928. Garshol-ætta fekk også kårbruket "Tunheim" som Mathias hadde bygd seg på tunet. Han fekk etter kvart også arbeid som maskinist på den private ferga "Raana" som doktor Bastian Weiberg-Aurdal hadde kontrahert i 1931 og sett i drift mellom Magerholm og Ørsneset for å kome seg heim att til gardsbruket frå arbeidet sitt i Ålesund. Å drifte kraftverk var ikkje berre enkelt, den gong som no. Hovudproblemet var at ål frå elva klarte å koma seg gjennom ristene i enden av trerøret og enda inne i turbinen. Då måtte alt plukkast frå kvarandre og reinsast for restar av ål, før slusene kunne åpnast og vatnet på ny kunne fløyme.

I løpet av vel ein mannsalder hadde soleis eit heilt ordinært gardsbruk på Emblem utvikla seg til ei framtidsretta bedrift med både kraftverk og eksporthandel attåt. Men forunderleg nok så var det ein ting som verken Mathias eller Fredrik tykte særleg noko om. Det var traktor, og der gjekk grensa. Fredrik kunne etterkvart leige maskinell hjelp frå nabobruka til slåtten, men hesten sin var han trufast mot.

Kjelder