Meløy historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. apr. 2014 kl. 08:11 av Larsbot (samtale | bidrag) (Botgenerert artikkel fra fotoregisteret)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Meløy historielag (?) Meløy historielag er ein privat medlemsorganisasjon med føremål å verne om kulturarven i kommunen ved å spreie kunnskap om fortida og å ta vare på munnleg tradisjon om liv og arbeid i eldre tid. Laget vart skipa våren 1984 etter initiativ frå Per Swensen. Årbokkomiteen tar hand om det praktiske rundt redigering og utgjeving av årboka Den stille fjerding. Boka kom ut første gong i 1985. Ho samlar artiklar og bilete som medverkar til å dokumentere historia åt kommunen. Laget er ansvarleg utgjevar, boka har årleg redaktør, men kvar einskild bidragsytrar er sjølv ansvarleg for innhald og gjengjeving av fakta. Laget gjev også ut andre skrifter og samlar eldre bilete til årlege kalendrar. Laget har faste lokale til styremøte og arkiv på kontoret, bakeriet på Ørnes gamle handelsstad. Dei gamle lokala til Meløy Sparebank på Meløya er leigd ut til laget for å tene som eit samla lokalhistorisk magasin for arkivert materiell ått av privatpersonar og av private og offentlege institusjonar. Laget ønskjer å administrere og drifte arkivet med dei gamle banklokala som deponistad. (Kjelde: Wikipedia 2010 / eldre fotoregister 1992-2004)

Kilder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Meløy historielag på Digitalt museum.
  • Meløy historielag på KulturNav
  • (Ingen kildeopplysninger registrert for denne Fotografen!)


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Meløy historielag er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!