Meldal kommune ligg i Trøndelag fylke og grensar til Orkdal i nord, Melhus og Midtre Gauldal i aust, Rennebu i sør og Rindal i vest. Kommunen har namn etter administrasjonssenteret Meldal. Andre tettstader i kommunen er Løkken Verk, Storås og Å.
Meldal er ei jordbruksbygd med særleg vekt på mjølkeproduksjon, men òg med ein del korndyrking på dalbotnen. Løkken Verk var eit gruvesamfunn, der dei rike kisforekomstane vart hente ut frå 1654 til 1987. Thamshavnbanen, som no er museumsbane, vart oppretta for å frakte kis frå Løkken til Thamshavn ved Orkanger. Løkken Verk, Storås og Å har nå ein del industriverksemder.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|