Midtre Fjærland krins

Midtre Fjærland krins (også omtala som Hamrum krins) var ein skulekrins for grendene i midtre del av Fjærland, på begge sidene av fjorden, i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune. Frå 1953 vart namnet på krinsen endra til Mundal krins. Frå 1741 hadde Fjærland vore delt i tre krinsar. I starten vart desse kalla: 1) Hamarsnes-Mundal (midtre), 2) Øyjordi-Stølen (indre) og 3) Berge-Rommøren (ytre).

Skulehus

Hamrum skule

I 1877 fekk Midtre Fjærland krins skulehus på Hamrum (Homrane). Klasserommet hadde plass til 24 born og det var knytt til eit «Familiebekvemmelighed med en liten jordvei» til skulehuset. Huset er i dag i privat eige som fridtidsbolig.

 
Det gamle skulehuset ved Homrane i november 2022. Huset er no i privat eige.

Mundal skule

I 1950 vart det bygd ny skule på Pålsneset, som etter røysting i 1952 fekk namnet Mundal skule. Krinsen vart slege saman med Ytre Fjærland i 1957, men dei heldt fram med vinterskule i Ytre Fjærland fram til 1962-63. Borna frå Indre Fjærland vart flytta til Mundal skule i 1965. Før den tid hadde dei også mellom anna sløydundervising på Mundal.

Ei utviding av skulehuset sto ferdig i 1975, då det i tillegg vart bygd symjebasseng ved skulen. Det er i dag både barneskule og barnehage i drift i skulebygga.

 
Fjærland (Mundal) skule i november 2022. Det er i dag barnehage i delen nærmast på biletet. Det eldste skulebygget kan sjåast over taket på barnehagebygget. I bygget på andre sida av plassen (lengst til venstre i bildet) er det symjebasseng.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Foto

 
Porten til Fjærland skule på Pålsneset i november 2022.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Intervju med Sven Bjåstad, 21.11.2022


Koordinater: 61.398268° N 6.738359° Ø