Mo kommune (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mai 2017 kl. 14:13 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Namnet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mo kommune i Telemark vart oppretta i 1838 ut frå Mo prestegjeld. Mo sokn er no ein del av Eidsborg, Mo og Skafså sokn. Kommunesenteret i Mo var Dalen. I 1964 vart kommunen slått saman med Lårdal kommune til Tokke kommune.

Namnet til heradet

Den eldste skriftforma av namnet på heradet (og soknet) finn ein i brevsamlinga Diplomatarium Norvegicum frå før 1570. Her vert namnet på heradet skrive Monom som er var ei dativsform av Mo i 1343. I 1406 finn ein Moos sokn, og i 1472 Mosokn. Namnet kjem frå den gamle prestegarden Mor eller Morinn som tyder tjurr sand eller grusslette.

Ein mann frå Mo vert kalla Mobyggji, medan ei kvinne frå Mo vert kalla Mobyggje.[1]


Kjelder

  1. Olav Grimdalen, Mo Bygdesoge, kultursoga, b.1., Dalen, 1996, s. 65.