Modulbygg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. des. 2015 kl. 19:08 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Modulbygg''' er eit trevarefirma i Sykkylven, etablert i 1982. Firmaet har heile tida vore drive av Anton Flemsæther frå Ikornnes. Flemsæther tok yrkesutdanning som snikkar...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Modulbygg er eit trevarefirma i Sykkylven, etablert i 1982. Firmaet har heile tida vore drive av Anton Flemsæther frå Ikornnes. Flemsæther tok yrkesutdanning som snikkar, og etter at han var ferdig med militærtenesta i 1976, byrja han som sjølvstendig bygningssnikkar. Dette dreiv han med fram til 1982 då han starta byggvareforretning ved kaia i Straumgjerde. I 1988 registrerte han firmaet som aksjeselskap og flytte verksemda til Stave ved Ikornnes, der han tok over lokala etter det konkursråka Stave Bygg.

Modulbygg hadde ei god utvikling i åra framover og var betydelig leverandør av bygningsvarer til snikkarfirma og privatpersonar i distriktet. På det meste hadde firmaet fem tilsette.

Kring 2010 var firmaet gjennom ei omlegging. Byggvareverksemda varet avvikla og i staden konsentrerte Flemsæther seg om produksjon av ferdige veggseksjonar til hytter. Produksjonen har gått føre seg i ein eigen hall som firmaet har ført opp ved kaia i Straumgjerde.

Kjelde:

  • Anton Flemsæther i samtale med Eldar Høidal, desember 2015