Montering av bunad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mar. 2017 kl. 14:14 av AnBor (samtale | bidrag) (Mellomlagring. M rette referansen.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Montering av bunad eller folkedrakt

Ein bunad eller folkedrakt for kvinne er hovudsakeleg sett saman av ein stakk, forkle og eit liv. Dei fleste liva er i fleire delar. Alle delane må gjerast ferdige, og monterast saman til ei folkedrakt eller ein bunad. Kunnskapen har tradisjonelt vore overført i generasjon til generasjon. I seinare år har det vore kurs både i montering og rosesaum. Montering av bunad er eit tidkrevande og nøyaktig arbeid. [1]

Bunadproduksjon er ofte knytta til binæring og kvinnehandverk. Idag finst både profesjonelle i bedrifter, enkeltpersonar, men og hobbyutøvarar som utøvar faget. Bunadtilverking kan drivast av alle, men ein kan ta fagbrev og være lærling i bedrift. Den formelle og uformelle praksisen lever side om side. Arbeidsprosessen med montering er dokumentert på film. Overføring av kunnskap om tradisjonen har hatt stort fokus og intervju med både tradisjonsbærar, elev, kundar og produsentar har vore foretatt. [[ https://www.immateriellkulturarv.no/bidrag/montering-av-vest-telemarkbunad-til-kvinne/%7CImmateriell kulturarv og tradisjonshåndverk]]

Eksterne kjelder

  1. «Kunnskapen er kompleks da det ofte er eit stort fagfelt ein skal beherske. Til dømes må ein kunne historie, drakthistore, ha kunnskap om materiale, verkty, fargar, teknikkar og kombinasjonar. Ein må kunne ta mål, behandle kundar, føre rekneskap i tillegg til å kunne klyppe, montere, sy på maskin og saume for hand. Ein bør ha kunnskap om mønster, klypping, mønsterteikning, brodering, kantmateriale, fargekombinasjonar, band, tråd, broderigarn, sølv og anna tilbehør. Det er mange teknikkar, sting og forskjellige materiale som brukast i dei forskjellige delane og prosessane».