Montering av bunad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Montering av bunadforkle. Ulike val ved kantinga.
Foto: Anne Brit Borgen

Montering av bunad eller folkedrakt er det som skal til for at dei ulike delane som kleda vert sett saman av skal bli til eitt klesplagg. Ein bunad eller folkedrakt for kvinne er hovudsakeleg sett saman av ein stakk, forkle og eit liv. Dei fleste liva er i fleire delar. Alle delane må gjerast ferdige, og monterast saman til ei folkedrakt eller ein bunad. Kunnskapen har tradisjonelt vore overført i generasjon til generasjon. I seinare år har det vore kurs både i montering og rosesaum. Montering av bunad er eit tidkrevande og nøyaktig arbeid.

Kunnskapen er kompleks da det ofte er eit stort fagfelt ein skal beherske. Til dømes må ein kunne historie, drakthistorie, ha kunnskap om materiale, verkty, fargar, teknikkar og kombinasjonar. Ein må kunne ta mål, behandle kundar, føre rekneskap i tillegg til å kunne klyppe, montere, sy på maskin og saume for hand. Ein bør ha kunnskap om mønster, klypping, mønsterteikning, brodering, kantmateriale, fargekombinasjonar, band, tråd, broderigarn, sølv og anna tilbehør. Det er mange teknikkar, sting og forskjellige materiale som brukast i dei forskjellige delane og prosessane».[1]

Bunadproduksjon er ofte knytta til binæring og kvinnehandverk. Idag finst både profesjonelle i bedriftar, enkeltpersonar, men og hobbyutøvarar som utøvar faget. Bunadtilverking kan drivast av alle, men ein kan ta fagbrev og være lærling i bedrift. Den formelle og uformelle praksisen lever side om side.

Arbeidsprosessen med montering er dokumentert på film m.a. produsert av Kulturrådet, 2016.

Referanser

Eksterne kjelder