Hasselkrok til nøttesanking

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. sep. 2009 kl. 20:26 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: Nøttesanking med hasselkrok Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, v...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nøttesanking med hasselkrok

Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok.. Brukaren heldt i den tynne enden.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.

Handelsmannen kjøpte fine neter, lagra dei i jutesekkar og selde dei til kundane til jul. Før 1950 var det seld mykje lokale neter i butikkane.

Langs vegen frå Volda til Austefjorden var beste nataskogen i Greivsnesurdene, Hjartåberget, Selvikberget og Geitvikurdene. Klyngjer med hassel var der andre plassar og, på begge sider av fjorden. Hasselen fekk vekse i fred på det som vart kalla «afala mark», i urd og stupbratt lende som ikkje var brukeleg til å slå gras til for. Haslerunnane vart uttynna og stelt då det gjekk kløyvde haslerenningar til tynneband før jernbanda tok over.

Ein del av netene vart ikkje selde same året dei vart plukka, kanskje ikkje året etter heller. Anna Engjaberg (f. 1909) var i teneste/butikkdame hos to handelsmenn, fyrst i Austefjorden så i Dalsfjorden rundt 1930-1935. Ho fortel at metoden for fornying av netene av eldre årgang var den same: når jula nærma seg leitte handelsmannen fram ei tynne, fylte den passeleg med vatn og slo neter av eldre årgang í vatnet. Innturka kjernar trekker vatn, fyller skalet og blir veldig gode på smak. Netene fekk stå slik ei tid, kontrollen var nataknekking og prøvesmaking, så visste ein når prosessen var ferdig.

Dette kan ein berre prøve. Kjøpmannstrikset fungerar. Om dagens mattilsyn likar slikt er ei anna sak.

Informantar: Anna Åheim (f. Engjaberg 1909) Åshild Ullaland (f. 1940)