NEG Varia

NEG Varia er ein arkivserie hjå Norsk Folkemuseum etter Norsk etnologisk gransking som inneheld dokumentasjon av norsk kultur, lokalhistorie, livshistorier, krigsminne, arbeidarminne og mykje meir.

I samband med Norsk Folkemuseum sin overgang til digitale arkivtenester vart innsamling til NEG Varia gjort tilgjengeleg på minner.no. Tidlegare vart livshistorier og sjølvbiografiar arkivert i NEG Varia. Digitalt har den fått eigen samling, "Memoarer- livshistorier" på minner.no.

Publikasjonar som har brukt arkivmateriale frå NEG Varia:

  • Garsol, Lars Marius Gårdsøl, Det norske ølet Cappelen Damm 2016
  • Skjelbred, Ann Helene Bolstad ”Denne gangen var det sang, med og uten jubelklang…” Viser og vers i NEG Museumsbulletinen 53, 2007, 12-16
  • Skjelbred, Ann Helene Bolstad Jul i Norge Museumsforlaget, Trondheim 2014
  • Wyller, Torill Sankthans. Midtsommerfeiring i Norge gjennom 150 år Oslo 1987. 144 s. ill.