Namnegard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Namnegard''' er nemninga busetnads- og agrarhistorikarar nyttar på ei primær busetnadseining nemnt med eitt og same namn, t.d. Berg, Kolstad, Hoset, Pålsrud o.l. Viss garden Bø var d...)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 20. aug. 2008 kl. 08:32

Namnegard er nemninga busetnads- og agrarhistorikarar nyttar på ei primær busetnadseining nemnt med eitt og same namn, t.d. Berg, Kolstad, Hoset, Pålsrud o.l. Viss garden Bø var delt i Nørstebø og Sønstebø før Svartedauden, reknar ein med to høgmellomalderske namnegardar. Mange namnegardar er gjennom tida oppdelt i to eller fleire gardsbruk, som er vanleg nemning på ei driftseining som ein familie har budd på og drive, evt. ved hjelp av tenestfolk i periodar (Sandnes / Salvesen 1978: 30).

Først på 1700-talet fekk dei driftseiningane (bruka) som da var etablerte kvart sitt nummer i matrikkelen på ein nokså tilfeldig måte (Holmsen 1979: 182ff). Dermed kunne ein namnegard som tidlegare var oppdelt i fleire bruk bli til fleire matrikkelgardar.


Litteratur

Holmsen, Andreas 1979: Gård, skatt og matrikkel. Universitetsforlaget.

Sandnes, Jørn og Helge Salvesen 1978: Ødegårdstid i Norge. Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser. Universitetsforlaget.