Narvestad (Kvinesdal gnr. 170)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Narvestad
Sokn: Fjotland
Fylke: Vest-Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 170
Ant. bruksnr.: 10 (2018)
Type: Matrikkelgard

Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 gnr. 172 og gamalt matrikkelnummer 316.

Delingar og utskiftingar

Det gamle hovudbølet på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei skilt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør inne og Dør nere. Jens behaldt dei gamle hustuftene på Dør inne. I 1649 hadde gardpartane kvar ei skyld på 9 engelsk.

I 1843 reiste Abraham Svendsen nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk namnet Dør inne, blei seinare bruksnummer 3, mens dei gamle tuftene på Dør nere falt til det seinare bruksnummer 5.

I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka. I 1868 blei Dør ude (bnr. 4) skild ut frå Dør inne (bnr. 3) på austsida av Kvina.

Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør inne (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883. I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør inne (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskild med eget bruksnr. 9 i 2004. Mariann og Ole Jørgen Narvestad bruker eigedommen som fritidsbustad i dag. Tor Gunnar Knabenes fikk utskild ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.


Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Eigarar 1950-2018 Eigar 2018
1 Dør heima/Strand (1886) Tomt utan eigedomsteig 644a 1 mark 48 øre Tore Jørgensen Tore Jørgensen
2 Dør framme/Skei(1886) Gardseigedom 1 1883 644b 1 mark 48 øre Tønnes Jørgensen Tønnes Jørgensen Ansgar Narvestad
3 Dør inne Gardseigedom 1 før 1838 645a1a, b1a 1 mark 58 øre Abraham Svendsen Torvald Narvestad Nora Turid Lohne Narvestad
4 Dør ude Gardseigedom 3 1868 645a1b, b1b 0 mark 32 øre Jens Jakobsen Jette Marie Jensdatter Narvestad 1956: Jens Mikal Narvestad 1988: Erling Narvestad 2000: Kåre Narvestad Hilde Kristine Narvestad
5 Dør nere Gardseigedom 3 1843 645a2, b2 1 mark 39 øre Svend Jørgensen Sven J. Elias Narvestad Tone Narvestad Heiland
8 Bustadtomt 5 1993 Tone Narvestad Heiland og Helge Heiland
9 Dør heima Fritidseigedom 5 2004 Mariann Mæland Narvestad og Ole Jørgen Narvestad
10 Bustadtomt 4 2005 Tor Gunnar Knabenes


1037 Kvinesdal komm.png Narvestad (Kvinesdal gnr. 170) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.