Naust

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. apr. 2009 kl. 17:46 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Vinsternes paa Ertvaagsoeya naust 1995 ou.jpg|Naust på VinsternesErtvågsøya.|Olve Utne}} Eit '''naust''' er eit båthus, sett opp nær vatnet for å ta vare på båt...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Naust på VinsternesErtvågsøya.
Foto: Olve Utne

Eit naust er eit båthus, sett opp nær vatnet for å ta vare på båtar. Det er óg vanleg å lagre fiskereiskapar og anna i naustet. Ordet kjem frå nava og sta, som tydar «skip» og «stå», eit hus der skipet eller båten står.

Nausttypar

Naust vert bygd med god lufting, så garn, liner og andre reiskaper kan tørke. Det finst tradisjonelt tre huvudtypar naust i Noreg: Steinnaust, tømmernaust og grindnaust. Ein kan óg finne kombinasjonar av teknikkane. Nye naust vert bygd med moderne teknikkar.

Steinnaust

Steinnaust er vanlege i område med knapp tilgang til tre. Tre av veggane er i steinmur, medan enden mot sjøen anten er open eller har ei tredør. Oppe på steinmuren er det ofte ei treramme som ber taksperrane.

Tømmernaust

Tømmernaust vart ofte bygd inst i fjordane, der det er god tilgang til tre. Dei er grovt lafta, ein teknikk som gjer god gjennomlufting. Dei hadde sperretak, som regel med torvtekking.

Grindnaust

Grindverk krev mindre tre enn tømmernaust. Ei grind er to stavar som er så høge som naustet skal verte, samanbundre med ein tverrebete. Desse står etter kvarandre med nokre meters mellomrom. Ytterveggane vart oftast kledde med stående bord. Taket var som regel torvtekt med sperre, torv, never, tro, vindskier og torvvol.

Litteratur