Nerskogen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. feb. 2010 kl. 20:57 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nerskogen''' er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Men Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksom…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Men Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.

I 1927 vart så det første bureisingsbruket rydda i Gregosen på Oppdalssida av Elen og Halvar Engelsjord. Dei var åleine her fram til 1933. Året før hadde Selskapet Ny Jord vore på synfaring og bestemt seg for å satse på Nerskogen som utbyggingsområde. Frå midten av 1920-åra hadde Staten gjeve alle som tok til med nydyrking og bureising rett til staleg tilskott etter faste reglar, forvalta av kommunane. Våren 1933 fekk Rennebu jordstyre dei første søknadane om å få godkjent bureisingsbruk på Nerskogen, og tre familiar pakka utstyret og dro utover.

Den viktigaste enkeltpersonen bak bureisninga på Nerskogen var nok sokneprest Ola Røkke. Han tok aktivt del i alt ungdomsarbeid etter han kom til bygda i 1926. I 1932 fekk han oppropet «Ungdomshjelpa. Hjelp til arbeid for norsk ungdom» frå Den norske kyrkja, og det var ei nemnd med Røkke som formann som kontakta Ny Jord og fekk i gang oppkjøp av jord og utparsellering av bureisningsfeltet på Nerskogen.

Vegbygging

Frå gamalt gjekk det ein seterveg opp frå Midtbygda i Rennebu til Nerskogen (sjå kartet). Men det måtte til bilveg, og for det formålet vart Arbeidsfylkingen kontakta av Ola Røkke. Arbeidsfylkingen gjekk inn i arbeidet med veg til feltet sommaren 1933 i form av å organisere og sette inn grupper av arbeidslaus ungdom frå Trondheim (60 mann) og Oslo (30 mann). Arbeidet på den 25 km lange vegen vart starta opp med hakke, spade, trillebår og stubbebrytar. Vegen vart fullført til Oppdalsgrensa i 1935.

Bygda

Ny Jord kjøpte opp i alt 16 827 dekar jord til saman på Nerskogen. Dette arealet vart utparsellert til i alt 36 buresingsbruk: 31 i Sørøyåsen og 5 på Lauvåsen. I 1999 var det framleis 24 bruk i drift.

Nerskogen fekk etter kvart eiga kyrkje, skule, forsamlingshus, samvirkelag og museumsavdeling.

Kraftutbygginga

Sist i 1960-åra inngjekk Trondheim Elektrisitetsverk (TEV) avtale med grunneigarane om fallrettane m.m. i Grana, den elva som kjem frå Oppdalssida og renn gjennom heile Nerskogen ned i Orkla ved Grindal. På 1970-talet overtok selskapet Kraftverkene i Orkla (KVO) rettane og sette i gang utbygging. På Nerskogen vart det neddemt eit areal på om lag 6,6 km2 i det som vart heitane Granasjøen. Kraftproduksjonen går føre seg i Grana kraftverk.

Litteratur

  • Rennebuboka bd 4 1989 s. 713ff
  • Foss, Birgit (red.) 2000: Grender innved Trollheimen. Skardalen, Nerskogen, Lauvåsen. Snøfugl forlag.