Niels Friis

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Niels Friis (fødd 31. juli 1741 i Svendborg, Danmark, død 17. mai 1814 i Hafslo) var prest og lærar. Friis var son av kjøpmann Niels Johannes Friis og Elisabeth Breinholm. I studietida arbeidde han òg som lærar i Danmark og Noreg, mellom anna 1759-1761 som huslærar hjå sorenskrivar og overinspektør i Nordre Jarlsberg, Morten Müller. Han tok cand.theol-eksamen i 1765 og var både før og etter det lærar i Danmark, og frå 1773 prest på skipet "Ganges" i det asiatiske kompaniet.

Den 6.8.1777 vart han utnemnd til sokneprest i Nærstrand (Nedstrand) i Ryfylke etter å ha søkt 39 ulike embete, frå 1791 som prost. Han fekk same året sokneprestembetet i Hafslo, Sogn og Fjordane, som han tok over 21.8.1792. Friis hadde ord på seg for å vere ein lærd mann og ein utmerka lærar. Han hadde embetet til han døydde 17. mai 1814.

Friis gifte seg 9.5.1780 med Birgitte Christine Sørensdatter Hjelm (1739-1820), enkja etter prost Peder Jakobsen Pavels, sokneprest i Hjelmeland. Sonen hennar var soknepresten i Gloppen, Peder Pavels. Dei fekk to born i lag:

  • Søren Hjelm Friis, sokneprest i Førde
  • Elisabeth Maria Friis (f. 1785), gift med sokneprest Christen Daae i Lindås

Kjelder og litteratur

  • Friis, Jakob. (1941). Prost Niels Friis' dagbok og opptegnelser 1773-1814. Oslo: Cammermeyer.
  • Omtale i Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger, 1896, bd. 2, s. 67-68. (Digital utgåve)
  • Friis, Guttorm. (1980). Friis. En slektshistorisk oversikt. Prost og sogneprest til Hafslo i Sogn, Niels Friis 1741-1814. Hans forfedre og hans etterkommere. Kongsberg.