Niels Henrik Abel: Forskjell mellom sideversjoner

m (→‎Barndom: korr)
(→‎Barndom: korr)
Linje 24: Linje 24:
I 1816 hadde òg storebror Hans Mathias teke mot til seg, og byrja i same klassen som Niels Henrik. Dei delte hybel, og jobba nok mykje saman. Hans Mathias var den som fekk dei beste karakterane,  medan Niels Henrik ikkje utmerka seg spesielt i dei første åra. I 1818 fekk så [[Bernt Michael Holmboe]] stillinga som matematikklærar på Katedralskulen. Han byrja gje dei sjølvstendige oppgåver, og då kom det fram eit heilt særskild talent hos Niels Henrik. Han imponerte så mykje at dei blei redde for at han kunne bli for einspora. Holmboe tok seg spesielt av han, og gav privattimer.

På same tida byrja det å bli klart at alt ikkje var godt heime. Det ser ut til at mora tidleg hadde fått eit alkoholproblem. I 1818 gjekk òg faren på ein smell. Rasjonalismen han representerte var i ferd med å bli erstatta av [[grundtvigianisme]], og særleg [[Svend Borchmann Hersleb]] og [[Stener Johannes Stenersen (1789–1835)|Stener Johannes Stenersen]] ved [[Det teologiske fakultet (UiO)|Det teologiske fakultet]] gjekk løs på det dei meinte var vranglære. Stenersen plukka ut Abel sin katekisme frå 1806 som det verste eksempelet, og tok boka for seg punkt for punkt. Han gjekk så langt som til å skrive i avisa at ti tusen sjeler var på veg til fortaping på grunn av Abel sin vranglære. Sjølv om Søren Georg Abel tok til motmæle, var det Stenersen som hadde størst autoritet. I avisane blei det trykka nidvers om Søren Georg Abel, og han blei den mest utskjelte presten i landet. Politikerkarriera gjekk det òg dårleg med; der hadde det jo vært problem før òg. I ein del saker fekk han det som han ville; mellom anna var det Søren Georg Abel som foreslo å opprette ein veterinærskule, og han var sentral i arbeidet med nyordninga av skulen. Men i 1818 sa han frå Stortinget sin talarstol at [[Carsten Anker]] hadde gått frå løfter om utbetaling til arbeidarane sine, og at ein jurist som var stortingsmann hadde hjelpt han med dette. Carsten Anker - verten for [[Riksforsamlinga]] i 1814]] – var ikkje ein mann ein kunne gå løs på utan prov, og løse skuldingar mot ein annan storingsmann var heller ikkje noko å kimse av. Det såg ein stund ut til at det gikk mot [[riksrett]] for Abel, men [[odelstinget]] meinte at det var sløsing med ressursar. I staden reiste Abel heim til Gjerstad. Han hadde drukke ein del før òg, men nå fekk han som kona eit verkeleg alkoholproblem. Våre 1820 døydde han, 48 år gamal. Kona var i si eiga verd, og etter gravferda gjekk ho til sengs med ein tenestekar.  
På same tida byrja det å bli klart at alt ikkje var godt heime. Det ser ut til at mora tidleg hadde fått eit alkoholproblem. I 1818 gjekk òg faren på ein smell. Rasjonalismen han representerte var i ferd med å bli erstatta av [[grundtvigianisme]], og særleg [[Svend Borchmann Hersleb]] og [[Stener Johannes Stenersen (1789–1835)|Stener Johannes Stenersen]] ved [[Det teologiske fakultet (UiO)|Det teologiske fakultet]] gjekk løs på det dei meinte var vranglære. Stenersen plukka ut Abel sin katekisme frå 1806 som det verste eksempelet, og tok boka for seg punkt for punkt. Han gjekk så langt som til å skrive i avisa at ti tusen sjeler var på veg til fortaping på grunn av Abel sin vranglære. Sjølv om Søren Georg Abel tok til motmæle, var det Stenersen som hadde størst autoritet. I avisane blei det trykka nidvers om Søren Georg Abel, og han blei den mest utskjelte presten i landet. Politikerkarriera gjekk det òg dårleg med; der hadde det jo vært problem før òg. I ein del saker fekk han det som han ville; mellom anna var det Søren Georg Abel som foreslo å opprette ein veterinærskule, og han var sentral i arbeidet med nyordninga av skulen. Men i 1818 sa han frå Stortinget sin talarstol at [[Carsten Anker]] hadde gått frå løfter om utbetaling til arbeidarane sine, og at ein jurist som var stortingsmann hadde hjelpt han med dette. Carsten Anker - verten for [[Riksforsamlinga]] i 1814 – var ikkje ein mann ein kunne gå løs på utan prov, og løse skuldingar mot ein annan storingsmann var heller ikkje noko å kimse av. Det såg ein stund ut til at det gikk mot [[riksrett]] for Abel, men [[odelstinget]] meinte at det var sløsing med ressursar. I staden reiste Abel heim til Gjerstad. Han hadde drukke ein del før òg, men nå fekk han som kona eit verkeleg alkoholproblem. Våre 1820 døydde han, 48 år gamal. Kona var i si eiga verd, og etter gravferda gjekk ho til sengs med ein tenestekar.  

Frå 1818 såg altså Niels Henrik og søskena at det gjekk mot undergangen for foreldra. Hans Mathias blei så prega av dette at han blei send heim av rektor; han klarte ikkje å konsentrere seg om skulen. Han rakk fram til faren sitt dødsleie. Han levde tjue år til hos mora, med store mentale problem. Niels Henrik på sin side kasta seg vidare inn i matematikken, og Holmboe omtala han på denne tida som «et udmærket mathematisk Genie» i karakterprotokollen. Samstundes veit vi at Niels Henrik Abel tok seg av søskena og mora økonomisk etter at faren døydde. Morfaren [[Niels Henrik Saxild Simonsen]] eigde eit av dei største handelshusa i Risør, men etter [[napoleonskrigane]] gjekk han konkurs, og han døydde fattig i 1820.