Niels Henrik Abel: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(→‎Barndom: korr)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:
==Slekt og familie==
==Slekt og familie==

Han var son av sokneprest [[Søren Georg Abel (1772–1820)|Søren Georg Abel]] (1772–1820) og [[Anne Marie Abel]] f. Simonsen (1781–1846), og var den neste eldste av seks ungar.
Han var son av sokneprest [[Søren Georg Abel (1772–1820)|Søren Georg Abel]] (1772–1820) og [[Anne Marie Abel]] f. Simonsen (1781–1846), og var den neste eldste av seks ungar. Faren var frå slekta [[Abel (slekt)|Abel]].

Han vart ikkje gift.
Niels Henrik Abel vart ikkje gift, men var forlova med [[Christine Kemp]] frå juletider 1824 til han døydde.

==Barndom==
==Barndom==
Linje 36: Linje 36:
Økonomisk sleit han; det lille han hadde gjekk stort sett til mora og søskena. Nokre av professorane hjalp han, mellom anna Christopher Hansteen. Kona hans, [[Andrea Hansteen]], kalla han sin andre mor. Broren Peder flytta inn på studenthybelen, og delte seng med Niels Henrik. For søstera Elisabeth fekk han ordna ei stilling i Christiania; det ser ut til at han var særleg oppteken av å få ho vekk frå mora.  

Det første vitskapelege artikkelen Abel fekk publisert kom våren 1823 i ''Magazin for Naturvidenskaberne'' sitt første nummer. Han arbeidde òg med eit større verk på fransk om differensialformlar. Rasmussen og Hansteen støtta ein søknad om økonomisk hjelp til å publisere, men kollegiet var meir forsiktige, og saka forsvann ein stad mellom kontora. I dei neste fire åra studerte han andre fag som kunne styrke hans matematiske arbeid, men det han gjerne ville var å reise til L'École Polytechnique i Paris og til Carl Friedrich Gauss i Göttingen. Sommaren 1823 fekk han 100 speciedalar av professor Rasmussen, som tok dei av eiga lomme, for å reise til København. Han arbeidde der mellom anna med Fermats siste teorem, og han fekk oppleve studentlivet i København. Han bodde hos ei moster som var gift med den danske sjøoffiseren Peder Mandrup Tuxen (den eine veslebroren var oppkalla etter han). På eit ball på marinebasen Christianshavn møtte han [[Christine Kemp]], som han sinare vart forlova med. Dei dansa vals saman med på ballet - og ingen av dei kunne denne nye dansen. Men om dei tråkka kvarandre litt på føtene, fann dei tydelegvis tonen. Christine Kemp blei året etter guvernante i [[Son]], og i juleferien 1824 vart dei forlova. Når dei skulle kunne gifte seg var i uvisse, for han hadde ikkje økonomi til det.
Det første vitskapelege artikkelen Abel fekk publisert kom våren 1823 i ''Magazin for Naturvidenskaberne'' sitt første nummer. Han arbeidde òg med eit større verk på fransk om differensialformlar. Rasmussen og Hansteen støtta ein søknad om økonomisk hjelp til å publisere, men kollegiet var meir forsiktige, og saka forsvann ein stad mellom kontora. I dei neste fire åra studerte han andre fag som kunne styrke hans matematiske arbeid, men det han gjerne ville var å reise til L'École Polytechnique i Paris og til Carl Friedrich Gauss i Göttingen. Sommaren 1823 fekk han 100 speciedalar av professor Rasmussen, som tok dei av eiga lomme, for å reise til København. Han arbeidde der mellom anna med Fermats siste teorem, og han fekk oppleve studentlivet i København. Han bodde hos ei moster som var gift med den danske sjøoffiseren Peder Mandrup Tuxen (den eine veslebroren var oppkalla etter han). På eit ball på marinebasen Christianshavn møtte han [[Christine Kemp]], som han seinare vart forlova med. Dei dansa vals saman med på ballet - og ingen av dei kunne denne nye dansen. Men om dei tråkka kvarandre litt på føtene, fann dei tydelegvis tonen. Christine Kemp blei året etter guvernante i [[Son]], og i juleferien 1824 vart dei forlova. Når dei skulle kunne gifte seg var i uvisse, for han hadde ikkje økonomi til det.

Våren 1824 hadde det rett nok ordna seg med eit stipend. Han fekk eit statleg stipend på 200 dalar i to år, og eit løfte om 600 salar til utanlandsreise i to nye år. Han hadde også klart å spare opp nok til å få trykt avhandlinga om femtegradslikninga. Den var på fransk og var pressa ned til seks små sider, og var knapt til å forstå for nokon. Han hadde sett for seg at avhandlinga skulle opne dører i Europa, men ho blei knapt lagt merke til. Sommaren 1825 skrev han til [[Karl III Johan]] personleg og bad om å få utanlandsstipendet straks, i staden for å måtte vente eit år til. Det gjekk kongen med på, og i september 1825 reiste han med ei frakteskute til København. Derifrå skulle han vidare til Gauss i Göttingen og så til Paris. I staden reiste han først til Berlin. Der møtte han ingeniøren August Leopold Crelle, som etter å ha møtt Abel fekk mot til å gje ut eit tyskspråkleg matematisk tidsskrift som kunne ta opp konkurransen med dei franske. På nyåret 1826 kom første nummer av ''Journal für die reine und angewandte Mathematik'', og der fekk Abel moglegheit til å publisere det meste av det han rakk skrive. I Berlin gjekk han på salonger og i private selskap, og han fekk gått i teater. Han fekk òg raffinert løysinga på femtegradslikninga, og publiserte dette i Crelle sitt tidsskrift. I det første året hadde han heile fem artiklar i tidsskriftet, mellom anna ei banebrytande avhandling om binominalrekka der han la grunnen for ein moderne og meir stringent provføring.  