Niels Henrik Abel: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 40: Linje 40:
Våren 1824 hadde det rett nok ordna seg med eit stipend. Han fekk eit statleg stipend på 200 dalar i to år, og eit løfte om 600 salar til utanlandsreise i to nye år. Han hadde også klart å spare opp nok til å få trykt avhandlinga om femtegradslikninga. Den var på fransk og var pressa ned til seks små sider, og var knapt til å forstå for nokon. Han hadde sett for seg at avhandlinga skulle opne dører i Europa, men ho blei knapt lagt merke til. Sommaren 1825 skrev han til [[Karl III Johan]] personleg og bad om å få utanlandsstipendet straks, i staden for å måtte vente eit år til. Det gjekk kongen med på, og i september 1825 reiste han med ei frakteskute til København. Derifrå skulle han vidare til Gauss i Göttingen og så til Paris. I staden reiste han først til Berlin. Der møtte han ingeniøren August Leopold Crelle, som etter å ha møtt Abel fekk mot til å gje ut eit tyskspråkleg matematisk tidsskrift som kunne ta opp konkurransen med dei franske. På nyåret 1826 kom første nummer av ''Journal für die reine und angewandte Mathematik'', og der fekk Abel moglegheit til å publisere det meste av det han rakk skrive. I Berlin gjekk han på salonger og i private selskap, og han fekk gått i teater. Han fekk òg raffinert løysinga på femtegradslikninga, og publiserte dette i Crelle sitt tidsskrift. I det første året hadde han heile fem artiklar i tidsskriftet, mellom anna ei banebrytande avhandling om binominalrekka der han la grunnen for ein moderne og meir stringent provføring.  

Abel reiste saman med fire andre nordmenn: [[Christian P.B. Boeck]], [[Balthazar Keilhau]], [[Nicolay B. Møller]] og [[Otto Tank]]. Som nemnd skulle han eigentlig ha reist rett til Göttingen. Etter nokre månader i Berlin valde han i staden å reise med dei andre sørover i Tyskland. Han forklarte dette med at han blei så melankolsk av å vere aleine, og meinte at det var bra å lære seg betre tysk ved å gå i teatret. I Dresden møtte han kunstmålaren [[Johan Christian Dahl]], og dei tok ei rundreise i Tsjekkia, Austerrike, Italia og Sveits. Så reiste Abel vidare til Paris, dit han kom i juli 1826.  
Abel reiste saman med fire andre nordmenn: [[Christian P.B. Boeck]], [[Balthazar Keilhau]], [[Nicolay B. Møller]] og [[Otto Tank (1800–1864)|Otto Tank]]. Som nemnd skulle han eigentlig ha reist rett til Göttingen. Etter nokre månader i Berlin valde han i staden å reise med dei andre sørover i Tyskland. Han forklarte dette med at han blei så melankolsk av å vere aleine, og meinte at det var bra å lære seg betre tysk ved å gå i teatret. I Dresden møtte han kunstmålaren [[Johan Christian Dahl]], og dei tok ei rundreise i Tsjekkia, Austerrike, Italia og Sveits. Så reiste Abel vidare til Paris, dit han kom i juli 1826.  

Han hadde spart ei avhandling, som ikkje vart publisert i Crelles tidsskrift i Berlin. Dette presenterte han for Académie i Paris. Han fekk hjelp av kunstmålaren [[Johan Gørbitz]] til å finne husrom, og byrja på fullføringa av Paris-avhandlinga. Det var i den tida at Gørbitz portretterte Abel, det einaste biletet vi har av han som blei laga medan han levde. Avhandlinga var eit addisjonsteorem for algebraiske differensialar, og det er ikkje mange andre matematiske avhandlingar som har fått så store lovord. Han viste samanhengar ingen annan hadde tenkt på, og opna for nye vegar i matematisk forsking. I oktober 1826 vart ho levert inn. Medan han venta på svar arbeidde Abel med nokre andre avhandlingar og artiklar, og han vanka saman med andre vitskapsmenn. Det viste seg etter kvart at avhandlinga var lagt til sides. Det var A.L. Chauchy som la ho vekk; Abel meinte at han var den største matematikar i Paris. Han trudde resten av sitt liv at avhandlinga var tapt for alltid.  

==Attende til Noreg==
==Attende til Noreg==