Nils Ingvar Aanes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mar. 2014 kl. 09:59 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Kallrustad flyttet siden Nils Ingvard Aanes til Nils Ingvar Aanes: skrivemåten på gravminnet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nils Ingvar Aanes (fødd 6. juli 1891 i FreiNordmøre, død 17. januar 1981) var lærar, organist og aktiv fråhaldsmann (D.N.T.). Mellomnamnet er også skreve Ingvard.

Han var son av snikkar Halstein Aanes og Elen f. Aasen. Nils Ingvard Aanes tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1912 og gjekk seinare fleire kurs.

Som nyutdanna var han 1912-12 vikar i Grimstad krins, Straumsnes på Møre. Aanes arbeidde som lærar i Årsund, Rakstang i Straumsnes, 1913-16. I 1917 vart han tilsett ved skulen i Rypdal i dåverande Sylte (Tresfjord) kommune.

Frå 1921 var Nils Aanes òg organist i Tresfjord kyrkje, medan han i 1927 vart formann i soknerådet. I bolken 1918-33 var han formann i Tresfjord lærarlag og hadde elles mange kommunale ombod.

Aanes var gift med Agnes Aarsund (1891-1977), dotter av Anders Aarsund og Margit f. Ødegaard. I 1934 hadde ekteparet Aanes tre søner og ei dotter. Nils og Agnes Aanes er gravlagde på Tøndergård gravlund i Molde.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket