Nils Lyslo (1900–1959): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
m (bot: Retter artikkelnavn i oppslagsord) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
== Referansar == | == Referansar == | ||
{{reflist}} | {{reflist}} | ||
[[Kategori:Personer]] | |||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori:Lesja kommune]] | [[Kategori:Lesja kommune]] |
Sideversjonen fra 22. feb. 2023 kl. 12:08
Nils Lyslo var fødd på Lyslo (gardsnr. 48, bruknr. 7) i Innvik i Nordfjord 30. januar 1900, og døydde på Bru i Sunnfjord 10. desember 1959. Han gjekk Volda lærarskule og var frå 1922 lærar i Åseral, før han drog til Lærdal og vart verande der til 1947.
Frå 1948 til 1951 var han så lærar i Lesja, der han òg var aktiv i Lesjaskog Arbeiderlag og leiar for Bjorli skilag eitt år. Han var òg aktiv i Lesjaskog skyttarlag og fortalde til Norges skyttere i ord og bilder. Østre del i 1953 at han begynte som skyttar i 1916 fordi han fekk delta i premieskyting med saloggevær på skulen.
Lyslo flytte attende til Vestlandet og vart i 1952 lærar på Svartdal skule og Høydalane skule i Bru. Han var gift med Kristine f. 1902 på Eide i Gloppen.
Kjelder
- Folketeljing 1910 for Innvik
- Ranheim, Erling (red.) 1955: Norske skiløpere. Skihistorisk oppslagsverk. Bind 1 Østlandet Nord. Skiforlaget, Oslo s. 223.
- Minneord i Firda folkeblad 17. desember 1959.