Nordberg (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2022 kl. 04:55 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Nordberg''' er eit kyrkjesokn i Skjåk. Det utgjer den delen av kommunen som ligg vest for kommunesenteret Bismo. Delinga av Skjåk prestegjeld i høves…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordberg er eit kyrkjesokn i Skjåk. Det utgjer den delen av kommunen som ligg vest for kommunesenteret Bismo.

Delinga av Skjåk prestegjeld i høvesvis Skjåk hovudsokn og Nordberg annekssokn skjedde ved kongeleg resolusjon av 23. september 1865, med verknad frå nyttår 1866. Det stod da allereie ei ny kyrkje klar i Nordberg, påbegynt i 1861 og innvigd 7. juli 1864. Soknedelinga skjedde i kjølvatnet av at Skjåk var blitt eige prestegjeld, frådelt Lom, i 1863. Frå same tidspunkt som bygda vart delt i Skjåk og Nordberg sokn, 1. januar 1866, vart Skjåk også skilt ut frå Lom som formannskapsdistrikt (kommune).