Nordmørslystring: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: <onlyinclude>{{thumb|C18128 nordmørslystring.jpg|Ein nybygd nordmørslystring.|Olve Utne|2015}} Ein '''nordmørslystring''', oftast kalla berre '''lystring''' eller '''lysterbåt'''...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 25: | Linje 25: | ||
[[kategori:klinkbygging]] | [[kategori:klinkbygging]] | ||
[[kategori:nordmørslystringer| ]] | [[kategori:nordmørslystringer| ]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 24. jan. 2017 kl. 02:06
Ein nordmørslystring, oftast kalla berre lystring eller lysterbåt, er ein spissgatta, rundstamna båt som vart utvikla til erstatning for geitbåtane på Nordmøre på andre halvdelen av 1800-talet. Lystringen skil seg ut frå den tradisjonelle geitbåten på fleire måtar. Den mest grunnleggande forskjellen er at han er bygd på smale, saga bord, i motsetning til dei breie, hogne borda på geitbåten. Dette inneber at han er raskare å byggje, og dermed billigare. I praksis er lystringen kortare og rundare enn geitbåten. Jon Bojer Godal hevdar at lystringen i det meste utanom dei runde stamnane er inspirert av åfjordsbåten. Trekka det er snakk om inkluderer vaterbord med flatkeipar, låge driglar innom keipane tilsvarande skvettborda på åfjordingen, måla rip, styrkult/grind på dei større båtane; og lysterriggen med bomlaust gaffelsegl og fokk er den same som blir bruka på mange nyare åfjords- og nordlandsbåtar.