Nordstog Trydal (Bykle): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m (Cnyborg flyttet siden Nordstog Trydal til Nordstog Trydal (Bykle))
Ingen redigeringsforklaring
Linje 32: Linje 32:
Som me var inne på i bolken om den udela garden var det ei Liv Aslaksdotter som sto som medunderskrivar med Tarald i skøytet då han selde halve Trydal til Torleivssønene frå Rygnestad i 1609. Etter samanhengen kan ho ha vore kona hans, men ho er ikkje nemnd fleire vender i kjeldene våre, så denne gjetinga kan ikkje kontrollerast. Kanskje er ho likevel rett?  

{{thumb|Trydal 2.jpg|Fyre dei fekk jernovnar å leggje takka på, laut bakstekjeringane plassere henne på ein smia trifoting over open varne, som på denne teikninga i Olaus Magnus si bok Historia om de Nordiska Folken, som kom ut i 1555.}}
Av rygnestadbrørne var det berre Torleiv som ikkje sidan kom til å bu i Trydal, men han som budde her lengst var Eivind. Han kom fyrst inn med det same etter handelen i 1609 og sat tom. 1613. Då flutte han til eit bruk på [[Nomeland (Valle)|Nomeland]], der han budde tom. 1629. Medan Eivind var på Nomeland budde Svein, og tidvis også Jorunn, mor hans, i Trydal. Men då Svein i 1630 flutte til [[Åsland (Tokke)|Åsland]] i [[Mo kommune (Telemark)|Mosokn]] i [[Telemark]] (jfr. ''Mo bygdebok'' I, 636 og 647), kom Eivind attende til Trydal og budde her livet ut, til 1666. Den tredje av brørne, Dreng, var berre innom i Nordstog eit par år, i 1650-51, og då som sambrukar med Eivind.

Linje 60: Linje 61:

Etter kva skrivaren fann ut sat då Svein Trydal inne med fylgjande:  

{{thumb|Trydal 3.jpg|Som det går fram av lista hadde Svein Trydal to «stålbogar». Dette var skjotevåpenet i bondevæpninga fyre børsene kom på vange. Teikning frå Olaus Magnus, Roma 1555.}}
* Uteståande pengekrav (10 rd.)
* Uteståande pengekrav (10 rd.)
* reide pengar ( rd 1 ort 16 skill.)
* reide pengar ( rd 1 ort 16 skill.)
Linje 264: Linje 265:

I fylgje kreturregistreringa i protokollen til jordtakstkommisjonen frå 1802 skulle dei i Nordstog då kunna ha 5-6 kyr og 8 småkretur. Normalt ville me vel oppfatte dette som minimumstal, og seia at så mykje hadde dei nok minst. Korleis det faktisk sto til er likevel uvisst, men truleg gjekk gardsdrifta for halv maskin og knapt nok det, ettersom Ingebjørg ikkje hadde andre karfolk til hjelp på garden enn den 76 år gamle kårkallen Torleiv Arnesson.  

{{thumb|Trydal 6.jpg|Her er Ingebjørg Gunsteinsdotter og ei av døtrene på veg med matforsyning til den fredlause Åvold Trydal, som heldt til i ei av gardens støylsbuer. Teikning 2005 av Tove Krogh.}}
For husbonden var ikkje heime, han var fredlaus og gøymde seg i heia. Grunnen til dette var at han våren 1799 hadde slege i hel Hallvard Gunnulvsson Moseid. Under rettssaka kom det fram at drapsmannen i lange tider hadde vore sterkt plaga med periodisk hovudvondt, og at han under desse åtaka ikkje visste kva han gjorde. Også dei nærare omstenda kring drapet kunne tyde på sinnsforvirring.  

Linje 418: Linje 420:
I 1904 gifte Arne seg med Bertha Nygaard, dotter åt ein stavangeremigrant som tidlegare hadde budd i Thompson, [[Nord-Dakota]]. Arne og Bertha hadde ma. dottera Evelyn, som skal ha vore det fyrste barnet som kom til verda i Grygla. Grygla fekk postkontor i 1903, og A.O. Flateland vart den fyrste postmeisteren. Ved dette høvet fekk forresten også staden namnet sitt: Dei hadde ikkje kunna semjast om kva for adresse dei skulle bruke, og difor vart det til at ein inspektør frå Postdepartementet i Washington sette på sitt eige namn. Mannen var polakk og heitte Gryglewicz, og der har me då bakgrunnen for det rare namnet Grygla.  

{{thumb|Trydal 7.jpg|Denne gamle utløa på Hestevelt er truleg frå 1700-talet. Me meiner at ho høyrde til Nordstog fyre delinga i 1908, og då er ho vel det einaste av husa derifrå som framleis står på den opphavlege tomta. Angerd Mosdøl fortel at ungane, då ho var lita, meinte det spøkte i dette huset.|Aanund Olsnes}}
A.O. Flateland selde landhandelen i 1910, men i 1916 opna han bilverkstad og bensinstasjon, der han sidan også dreiv som Ford-forhandlar. Han kom også til å gjera teneste ei tid som ordførar (mayor) i Grygla, og som County Commissioner for Marshall County. Han døydde i 1943.  

Linje 430: Linje 433:
Eigarane budde fram til 1906 i [[Der inne (Bykle gnr 17/1)|Der inne]], og sidan på [[Moen (Bykle gnr 17/8)|Moen]]. Av utskiftingskartet over garden frå 1933 ser me at der så seint som det året framleis sto att nokre hus i Nordstog. Men i dag er det ikkje att anna av denne garden enn sjølve arealet, den kunnskapen som kan hentast i tradisjonen, gamle protokollar og arkivpakker, nokre gamle husmurar på flaten mellom [[Hestevelt (Bykle gnr 17/1.1)|Hestevelt]] og Smidjebakken og ei gamal utløe på Hestevelt.

{{Byklesoga}}
{{Byklesoga|[[Trydal (Bykle gnr 17)|Trydal]]|[[Der inne (Bykle gnr 17/1)|Der inne]]}}

[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Bykle kommune]]
[[Kategori:Bykle kommune]]