Norsk Møbelfaglig Senter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) vart etablert i Sykkylven som ei stifting i 1994. Eigarar av stiftinga vart Sykkylven kommune, Norsk Treindustriarbeiderforbund og Møbelprodusentenes Landsforening. Norsk Møbelfaglig Senter skulle frå starten vere bransjens museum og dokumentasjonssenter. I tillegg sikta senteret inn mot å utfordre møbelbransjen til nytenking og utvikling, særleg innan produktutvikling og design. Dei første åra, då senteret heldt til i den representative Berli-villaen på Klokkehaug i Sykkylven, vart det skipa til ei rekkje design- og temautstillingar.

I 2000 flytte NMFS til nye lokale, i tidlegare Strømme Konfeksjonsfabrikk i Sykkylven sentrum. I 2004 vart NMFS konsolidert med Sunnmøre Museum og er no ein av 13 avdelingar i Stiftinga Sunnmøre Museum. Sidan då har den museale og historiefaglege aktiviteten vore det sentrale i institusjonen si verksemd. Senteret utvida i 2011 utstillingsareala sine og er i ferd med å lage til nye utstillingar for å vise breidda i norsk møbelindustrihistorie. Kjetil Tandstad har frå 2009 vore dagleg leiar ved NMFS. Senteret er ope for besøkande alle kvardagar heile året.