Norsk Møbelfaglig Senter
Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) vart etablert i Sykkylven som ei stifting i 1994. Eigarar av stiftinga vart Sykkylven kommune, Norsk Treindustriarbeiderforbund og Møbelprodusentenes Landsforening. Norsk Møbelfaglig Senter skulle frå starten vere bransjens museum og dokumentasjonssenter. I tillegg sikta senteret inn mot å utfordre møbelbransjen til nytenking og utvikling, særleg innan produktutvikling og design. Dei første åra, då senteret heldt til i den representative Berli-villaen på Klokkehaug i Sykkylven, vart det skipa til ei rekkje design- og temautstillingar.
I 2000 flytte NMFS til nye lokaler, i tidlegare Strømme Konfeksjonsfabrikk i Sykkylven sentrum. I 2004 vart NMFS konsolidert med Sunnmøre Museum og vart ei av 12 avdelingar i Stiftinga Sunnmøre Museum. Sidan då har den museale og historiefaglege aktiviteten vore det sentrale i institusjonen si verksemd. Senteret utvida i 2011 utstillingsareala sine og opna sommaren 2012 ei utstilling som vart kalla Ver så god, sitt! Kjetil Tandstad var frå 2009 til 2018 dagleg leiar ved NMFS, som no har namnet Møbelmuseet i Sykkylven, og er ein del av Vitimusea. I 2018 tok Eldar Høidal over som dagleg leiar ved museet. Gjennom fleire år har det vore skiftande temautstillingar ved museet. Av desse kan nemnast Ingmar Relling 100 år (2020), Stressless 50 år (2021), Tripp Trapp 50 år (2022). I 2024 opna museet ei utstilling om sofaens historie: SOFAEN - det sosiale møbelet. Museet er ope fire dagar i veka i sommarmånadane. Elles i året er onsdagane fast opningsdag.
Kjelder og litteratur
- Vitimusea si nettside.