Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Sideversjon per 4. apr. 2014 kl. 08:16 av Larsbot (samtale | bidrag) (Botgenerert artikkel fra fotoregisteret)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (?) Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Hordaland fylke. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt. Ein hovudattraksjon er kraftstasjonen Tysso I, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876–1940) i seinhistorisk stil og reist i åra 1906–18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989. I AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914 har museet i dag utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspela «Industrieventyret», «Borna på Bakke» og «Arven». Den faste utstillinga, «Det store spranget», handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda.Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum. (Kjelde: Wikipedia 2010 / eldre fotoregister 1992-2004)

Kilder


  Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!