O.A.J. Løseth Eftf.: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
(kategorijustering etc.)
 
(Én mellomliggende versjon av en annen bruker er ikke vist)
Linje 6: Linje 6:

O.A.J. Løseth Eftf. har heilt fram til dei siste åra drive som ein assortert landhandel. I tillegg til alle slags kolonialvarer har det blitt ført landbruksvarer som kunstgjødsel, formjøl og såvarer. I andre høgda i forretningsbygget var det i fleire år eiga avdeling for steinty, kjøkkenutstyr, leikety m.m.

==Kjelde==
==Kjelde==
Linje 13: Linje 12:

[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Handel]]
[[Kategori:Dagligvarehandel]]
[[Kategori:Etableringer i 1898]]
[[Kategori:Etableringer i 1898]]
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 6. nov. 2023 kl. 07:51

O.A.J. Løseth Eftf. er ei daglegvareforretning i Ramstaddalen i Sykkylven. Ole Andreas J. Løseth opna landhandel i kjellaren på bustadhuset sitt ovanfor Ramstad-kaia i 1898 eller 1899. Landhandelen førde vanlege matvarer, men hadde i tillegg ein god del artiklar som folk hadde bruk for i dagleglivet: reiskapar og verkty av ymse slag, spikar, skruar, beslag m.m., og ein del manufakturvarer. Tidleg i 1930-åra fekk firmaet eiga bensinpumpe, og dermed kom drivstoff og oljeprodukt med i vareutvalet.

Då sonen, Oskar Løseth, overtok firmaet i 1944, forandra han firmanamnet til O.A.J. Løseth Eftf. Han sette opp nytt forretningsbygg i to høgder på Ramstad-kaia, og der har forretninga halde til sidan.

Tredje generasjon, Oddvar Løseth, overtok firmaet i 1975, men hadde då vore med på å drive forretninga i mange år. Han står framleis ansvarleg for drifta. Saman med seg i butikken har han kona.

O.A.J. Løseth Eftf. har heilt fram til dei siste åra drive som ein assortert landhandel. I tillegg til alle slags kolonialvarer har det blitt ført landbruksvarer som kunstgjødsel, formjøl og såvarer. I andre høgda i forretningsbygget var det i fleire år eiga avdeling for steinty, kjøkkenutstyr, leikety m.m.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.