Odd Aarsand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
({{nn}})
Linje 28: Linje 28:
[[Kategori:Fødsler i 1888]]
[[Kategori:Fødsler i 1888]]
[[Kategori:Dødsfall i 1971]]
[[Kategori:Dødsfall i 1971]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 4. feb. 2016 kl. 17:22

Odd Aarsand (fødd 28. mars 1888 på Årsand i Kvinnherad, død 24. juni 1971) var lærar og kyrkjesongar på Avaldsnes. Han var òg ordførar i bygda. Ei tid var han dessutan postopnar, og han sat som formann i ungdomslag og lærarlag.

Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Odd Aarsand tok eksamen ved Volda lærarskule i 1911 og fleire lærarkurs. I 1919 fekk han statsstipend for å vere med på et lærarkurs på Store-Milde. Også dei yngre brørne Anders og Jens Aarsand vart lærarar.

Som nyutdanna var Aarsand fyrst lærar i Skånevik, før han i 1914 vart tilsett ved Skeie skule på Avaldsnes i noverande Karmøy kommune.

Aarsand var gift to gonger. Den fyrste kona heitte Bertha; ho var dotter av lærar Sven Tjoland og Marta Olsdotter. Etter at Bertha døydde, gifta Jens Aarsand seg opp att med Johanna Kolltveit (1895-1992), dotter av båtbyggjar Johannes Kolltveit og Brita. I det fyrste ekteskapet hadde Aarsand to søner, i det andre fem søner og to døtrer.

Da Odd Aarsand vart pensjonist, etter 47 år som lærar, flytta han og kona til Storesund i Torvastad. Ekteparet er gravlagt på Avaldsnes kyrkjegard.

Kilder og litteratur

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket