Odd Aarsand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. aug. 2014 kl. 10:02 av Kallrustad (samtale | bidrag) (opplysninger fra Norske skolefolk 1952)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Odd Aarsand (fødd 28. mars 1888 på Årsand i Kvinnherad, død?) var lærar og kyrkjesongar på Avaldsnes. Han var òg ordførar i bygda. Ei tid var han dessutan postopnar, og han sat som formann i ungdomslag og lærarlag.

Han var son av bonde Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Odd Aarsand tok eksamen ved Volda lærarskule i 1911 og fleire lærarkurs. I 1919 fekk han statsstipend for å vere med på et lærarkurs på Store-Milde. Også dei yngre brørne Anders og Jens Aarsand vart lærarar.

Som nyutdanna var Aarsand fyrst lærar i Skånevik, før han i 1914 vart tilsett ved Skeie skule på Avaldsnes i noverande Karmøy kommune.

Aarsand var gift to gonger. Den fyrste kona heitte Bertha; ho var dotter av lærar Sven Tjoland og Marta Olsdotter. Etter at Bertha døydde, gifta Jens Aarsand seg opp att med Johanna Kolltveit, dotter av båtbyggjar Johannes Kolltveit og Brita. I det fyrste ekteskapet hadde Aarsand to søner, i det andre fem søner og to døtrer.

Kilder og litteratur

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket